Meining | 24. aug. 2023

Svar til Lindborg og Askeland

DEBATT: Til sjuande og sist er det resultatet som tel.

Svar til Lindborg og Askeland
Frå venstre: Jacob Enerhaug, 1. kandidat Bjørnafjorden KrF, og Oddvar Rotvik, 11. kandidat for Bjørnafjorden KrF. (Foto: Bjørnafjroden KrF)
Susann Haukeland Børnes
Susann Haukeland Børnestorsdag 24. aug. 2023 08:26

Som KrF skreiv om i eit lesarbrev tidlegare i veka, og som framkom gjennom informative reportasjer i Os og Fusaposten og i Midtsiden, så er det ei kritisk tid for Kongshaug Musikkgymnas på Lepsøy etter at regjeringa i praksis kutta 18 % av støtta.

Som resultat av kutt på 4,3 millionar kroner så må skulen snart nedbemanne om ikkje støtta snart kjem på plass igjen.

Denne støtta sikrar til ein viss grad likebehandling med den offentlege skulen, men er no blitt fjerna for Kongshaug.

Det er kome tilsvar på KrF sitt lesarbrev både frå ordførar Trine Lindborg (Ap) og frå nestleiar i Bjørnafjorden Sp, Margrethe Holmboe Askeland.

Frå Bjørnafjorden KrF har vi aldri hevda at Lindborg ikkje har gjort noko for Kongshaug.

Vi anerkjenner den velviljen mot Kongshaug og all den innsats som ordførar Lindborg og lokale representantar frå Ap og Sp legg ned for å få partifellene sine til å snu.

Dette blir stadfest frå fleire hald og vi er takksame for dette. Vi er også glad for at Askeland gjev uttrykk for skuffelse over at hennar eige parti ikkje har stått nok på for denne saken.

Men til sjuande og sist er det resultatet som tel, at støtta til Kongshaug kjem på plass igjen.

Det er lite hjelp i besøk på Kongshaug av statsråd Brenna (Ap) og fagre ord, dersom det ikkje blir fulgt opp av pengestøtte.

Det kom ingenting i revidert statsbudsjett og etterpå har det vore tyst om saka.

Det var dette vi ville påpeike i lesarbrevet. Dette er ei sak som er for alvorlig til at vi kan tape den.

Det gjeld vere eller ikkje vere for Kongshaug.

Det gjeld elevar og foreldre, tilsette og lokalmiljøet. Med om lag 35 årsverk og andre ringverknader betyr Kongshaug noko også for Bjørnafjorden kommune.

Vi stiller oss fullt ut bak oppmodingane om å arbeide tverrpolitisk.

Så er det no eingang slik at det er våre politiske kollegaer frå regjeringspartia som sit med nøklane til å nå inn til regjeringa.

Om ei veke møtest regjeringspartia til budsjettkonferanse der rammene skal leggast for statsbudsjettet for 2024.

Vi vonar Lindborg og Askeland lukkast med å nå inn til partifellene sine før budsjettkonferansen, og at støtta til Kongshaug kjem på plass igjen i 2024!

Jakob Enerhaug, 1. kandidat for Bjørnafjorden KrF
Oddvar Rotvik, 11. kandidat og lokallagsleiar Bjørnafjorden KrF

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.