Moustafa Khabbat opna Jonas Grill i Telthuskvartalet i dag. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

– Vi vil vera spesielt god på to ting

Restauranten Jonas Grill opna i dag.

image
image
image
image
image
image
Av: Kjetil Vasby Bruarøy

Onsdag opna ein ny restaurant i Os sentrum, Jonas Grill, med ulike tyrkiske og italienske rettar på menyen.

Eigar, Moustafa Khabbat, var skreddar i Tyrkia før han flytta til Noreg.

– Heilt frå eg var 15-16 år har eg likt å laga mat, og eg har jobba i fire år på ein restaurant på Nesttun. No er eg glad for å opna min eigen restaurant, seier Khabbat.

Med seg har han fire tilsette av ulik bakgrunn og nasjonalitet.

– Eg har tilsette frå både Tyrkia, Syria og Irak, venar som eg har blitt kjent med i Bergen, seier Moustafa, som sjølv vil flytta til Os i løpet av hausten.

Har du smakt pide?

På menyen står pizza i både italiensk og amerikansk stil, tynn og tjukk botn, kebab, burger og pasta.

– Vi har som mål å vera spesielt god på to ting; vi skal vera best på pris og vi skal vera gode på ekte, tyrkiske rettar.

Framsida av menyen er pryda av «pide», som Khabbat skildrar som ein tyrkisk variant av pizza.

– Deigen er rimelegare, men òg sunnare. Storleiken er passeleg til éin person, men ganrityret er, som pizza, valfritt.

Takkar huseigar

Heile lokalet er pussa opp, og innreidd med nytt, dobbelt så stort kjøkken, kjøkkenet som sto igjen etter restauranten Aroydee er erstatta av nytt..

Restauranten er innreidd med seks bord. Takeaway og utkøyring av mat er ein del av ideen.

– Huseigar har vore veldig hjelpsam, synest Moustafa.

Han er òg glad for at heile fasaden på bygget blei pussa opp før restauranten opna.

– Trengte eit løft

– Fasaden måtte vi ta, muren var ikkje fin, og vi var ikkje interesserte i å ha det styggaste bygget i Os sentrum no når mesteparten av dei andre bygga har blitt så fine, seier Thomas Olsen.

Han kjøpte bygget saman med tre samarbeidspartnarar i desember 2016.

I fjor sommar opna butikken Exotic Food i lokalet på gateplan, men den la ned etter fire månadar.

– No er vi glade for å ha ny leigetakar på plass, vi ønskjer Moustafa lykke til med restauranten!

Også ordførar har helst på den nye kokken i Os, ho var innom med blomar tidlegare i dag.

Fleire saker