Lokal | 02. apr. 2020

Vigslar i Bjørnafjorden: Lågaste tal på 16 år

Også talet på skilsmissar og separasjon var lågt i 2019.

Vigslar i Bjørnafjorden: Lågaste tal på 16 år
Færre giftar seg, snittalderen på dei som giftar seg går opp og stadig fleire giftar seg borgarleg. (Ill. foto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 02. apr. 2020 07:29

I dag kom Statistisk Sentralbyrå med tal på vigslar, skilsmisser og separasjonar i 2019.

I 2019 vart det inngått 19.855 giftarmål, mindre enn noko anna år etter 1993. Det er særleg etter 2017 vi ser bratt nedgang i talet på vigslar, med over 2.250 færre giftarmål berre dei to siste åra.

SSB har summert Fusa og Os til Bjørnafjorden kommune i 2019 og åra før.

I vår nye kommune var det 69 vigslar i 2019 mot 112 i 2018.

Statistikken går tilbake til 1966, då var det til saman 81 vigslar i Fusa og Os. Sidan har tala svingt mellom 49 (i 1991) til rekordmange 122 i 2015.

Blir stadig eldre

Tidlegare års auke i snittsalder ved førstegongs giftarmål held fram, og var 35,5 år for menn og 33,1 år for kvinner i 2019 (tal for heile Noreg).

Dette er om lag 10 år høgare enn for 40 år sidan og samstundes den sterkaste eittårige auken vi har sett i moderne tid.

Flest borgarlege

Kommunane tok 1. januar 2018 over retten til borgarleg vigsel. Trass i at det samla giftarmålstalet har stupt sidan den gong, var det over 1.000 fleire borgarlege vigslar i 2019 enn i 2017.

Tett oppunder 8.900 par valte å smi seg i Hymens lenkjer på det lokale rådhuset, og det er 2.000 fleire enn talet på vigslar i Den norske kyrkja.

Giftarmål i utlandet var lenge ein aukande trend, men frå 2013 har dette snudd og er no halvert sidan den gong. Ein er med dette tilbake på same nivå som for 20 år sidan.

2 av 3 likekjønna vigslar er kvinner

Det samla talet for likekjønna par som giftar seg har vore stabilt dei tre siste åra. Av 331 giftarmål mellom personar av same kjønn i 2019, var heile 222 kvinner.

For mennene har dette talet halde seg høveleg jamt med litt over 100 personar helt sidan 2001, med eit «toppår» på 139 i 2018.

Stabile skilsmissetal

Det var 64 fleire skilsmisser i 2019 enn året før, samstundes som det var 208 færre separasjonar. Dette synest å vera innanfor det ein reknar som vanlege statististiske variasjonar.

I Bjørnafjorden kommune var det i fjor 41 separasjonar og skilsmisser i 2019 mot 46 i 2018.

Dette er lågaste tal sidan 2014 (39).

Også her går statistikken tilbake til 1966, med 0 skilsmissar per år fram til 3 i året frå 1971 til og med 1975. I 1991 var første gong det var over 30 separasjonar/skilsmissar i Fusa og Os til saman.

2017 er foreløpig eit «toppår» med 59 skilsmisser og separasjonar.

Flest kvinner som går frå kvarandre

Gøymt inne i dei stabile samletala finn vi at det aldri har vore nær like mange likekjønna skilsmisser som i 2019.

Samanlikna med 2018 er 111 likekjønna skilsmisser i 2019 ein auke på 31. Det er naturleg at skilsmissetala stig som fylgje av at det samla talet på likekjønna partnarskap/ekteskap framleis er i vekst.

Om lag sju av ti skilsmisser er mellom kvinner.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.