Lokal | 22. aug. 2012

«Vikingfjord» for sal

Kva ville du betalt for 33 fot med flytande fest?

«Vikingfjord» for sal
Vikingfjord har blitt eit kjent syn på gjestebrygga i Os. (Foto: KVB)
Andris Hamreonsdag 22. aug. 2012 14:04

Partyflåten «MS Vikingfjord» er for sal.

- Vi vil testa marknaden, fortel medeigar Kristian Størksen.

Prisantydningen er sett til 400.000 kroner.

Etter tre sesongar med segling til og frå større festivalar og hamner rundt Bjørnefjorden har dei tolv eigarane av «MS Vikingfjord» bestemt seg for å testa om det er ein marknad for sal av flåten.

- Vi har hatt mykje gøy med flåten og har ikkje noko akutt behov for å selja den, men har bestemt oss for at vi ville testa om det var nokon som var interessert i å kjøpa, fortel kontaktperson i annonsen på Finn.no, Kristian Størksen.

Tryggleik i fokus

Sjølv om flåten blei bygd som ein samlingsplass og for festleg lag har tryggleiken alltid vore i fokus for dei 12 eigaren.

Før flåten blei tatt i bruk sommaren 2010 hadde gutane vore i kontakt med Sjøfartsdirektoratet for å sjekka krav til sikringsutstyr, lovar og reglar.

- Med flåten sel vi ei 10-manns Viking redningsflåte og 20 Regatta Thermo Cruise redningsvestar, fortel Størksen.

Som flytande naust eller restaurantbåt?

Størksen ser for seg at den 33 fot store flåten med 38 kvaderatmeter stor flybridge kan nyttast til meir enn berre festing.

- Med stove og innlagt bad og WC kan den glatt fungera som eit flytande naust for noko som ikkje får byggeløyve, eller kanskje som båt for ein maritim restaurant som vil ta gjestane med ut på fjorden.

- Det er vel eigentleg berre fantasien som set grenser for bruken. Flåten går godt i sjøen og har god plass.

- Om det er ein venegjeng som vil vidareføra den som festflåte, men som ikkje vil overta den før neste sommar er det heller ikkje noko problem. Vi har det ikkje travelt med å selja, avsluttar Størksen.

Ekstern lenke: Slik presenterar gutane «MS Vikingfjord» på finn.no

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.