Lokal | 10. feb. 2011

- Viktig å avklara forventningane

Brukerundersøking i barnevernet syner at forventningane er større enn det dei kan levera.

- Viktig å avklara forventningane
Andris Hamretorsdag 10. feb. 2011 13:39

Problemet er ikkje at det barnevernet leverar er dårleg, men at ting tar tid og brukarane forventar eit raskare resultat enn mogleg.

- Vi må bli flinkare til å informera og orientera om korleis ting fungerar og kva brukarane kan forventa når dei kjem i kontakt med oss, sa oppvekstkoordinator Ingrid Kristin Askvik då ho orienterte tenesteutvalet om resultata frå brukerundersøkinga dei gjennomførde i haust.

Resultata frå undersøkinga syner at det totale snittet for barnevernet i Os ligg på landsgjennomsnittet (4,6), samstundes syner undersøkinga at dei fortsatt har ein veg å gå. På spørsmål om kor fornøgd brukarane er med tenesta totaltsett skårar Os 3,9 mot 4,3 i resten av landet.

- No blei eg glad og stolt. Eg har levd i trua at barnevernstenesta berre var ei kaotisk verd med bakgrunn i dei presentasjonane vi har fått om budsjett- og personalsituasjonen, sa Borghild Borgen (Ap).

Skal hjelpa foreldra
Undersøkinga syner at dei som er i kontakt med barnevernet opplever at dei blir møtt med venleghet og respekt (4,7), men at foreldra kan få betre oppfølging (3,7 mot 4,1).

- Det er viktig at vi ikkje undervurderar foreldra sin kompetanse. Det er dei som kjenner barnet sitt best. Vi må hjelpe dei på dei områda kor dei føler dei ikkje strekk til, forklara Askvik.

Samordning eit satsingsområde
Undersøkinga er gjort blant dei som frivillig mottek hjelp frå barnevernet. Omlag ein tredjedel av brukarane er framandspråklege. Totalt omfattar undersøkinga 32 born. 28 av dei har motteke hjelp frå barnevernet i meir enn eit år.

Undersøkinga syner at mange av dei som er i kontakt med barnevernet også mottek bistand frå andre offentlege organ som PPT, BUP, helsetenesta og NAV.

- Sjølv om opplevd samarbeid skårar greit med 4,3 er dette eit av hovedsatsingsområda våre, orienterte Askvik.

Ho ønskjer at barnevernstenesta skal bli ein naturleg samarbeidspartnar for alle som jobbar med born. Ikkje berre når ein er bekymra for eit born, men òg som rådgjevar og samarbeidspartner for skular, helsetenesta og barnehagar.

Resultat frå undersøkinga

Snitt Os Snitt landet Tilfredshet 4,7 4,8 Informasjon 4,5 4,6 Respektfull handsaming 4,7 4,7 Påliteligheit 4,9 4,8 Brukarmedverknad 4,6 4,5 Samordning 4,5 4,5 Resultat for brukarane 4,3 4,4 Heilskapsvurdering 3,9 4,3 Snitt totalt 4,6 4,6

Kjelde: Brukerundersøking på barnevernsområdet, 2010, Os kommune

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.