Næringsliv | 17. okt. 2018

Viktig nyvinning hos 2Stabilise

2Stabilise sin teknologi var delvis vêravhengig, men no kan dei levera året rundt.

Viktig nyvinning hos 2Stabilise
Ulydar og slitasje er vanlege problem der conductor pipe-ene er festa. Heilt til dei blir stabiliserte. (Foto: 2Stabilise)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 17. okt. 2018 13:48

Bildeserie:

Kjell Størksen i verkstaden i Os Næringspark. (Foto: KVB)
Kjell Størksen i verkstaden i Os Næringspark. (Foto: KVB)
Spesiallaga massar frå Tyskland. (Foto: KVB)
Spesiallaga massar frå Tyskland. (Foto: KVB)
Massene skal ikkje under 25 gradar, og blir transporerte i isolerte, eigendesigna kontainerar. (Foto: KVB)
Massene skal ikkje under 25 gradar, og blir transporerte i isolerte, eigendesigna kontainerar. (Foto: KVB)
Når to komponent blir til eitt, dannar det stabilitet rundt rørfesta. (Foto: KVB)
Når to komponent blir til eitt, dannar det stabilitet rundt rørfesta. (Foto: KVB)
Ferdig stabiliserte. (Foto: 2Stabilise)
Ferdig stabiliserte. (Foto: 2Stabilise)
No skal ny metode testast på denne modellen frå kunde. (2Stabilise)
No skal ny metode testast på denne modellen frå kunde. (2Stabilise)
1 av 6
Kjell Størksen i verkstaden i Os Næringspark. (Foto: KVB)
Spesiallaga massar frå Tyskland. (Foto: KVB)
Massene skal ikkje under 25 gradar, og blir transporerte i isolerte, eigendesigna kontainerar. (Foto: KVB)
Når to komponent blir til eitt, dannar det stabilitet rundt rørfesta. (Foto: KVB)
Ferdig stabiliserte. (Foto: 2Stabilise)
No skal ny metode testast på denne modellen frå kunde. (2Stabilise)

Han løyste ei utfordring han oppdaga som inspektør i slutten av 90-talet, og då oljekrisa førte til at avdelinga han jobba i blei lagt ned, starta osingen Kjell Bjørnar Størksen ny teknologibedrift for å utvikla produktet vidare heime i Os.

• Les òg: Luftig opning av 2Stabilise (juni 2017)

Produktet, eit flytande, tokomponent komposittmateriale, sikrar betre feste til dei store og tunge røra (conductor pipe) som går frå havbotnen og opp til boredekk, for å gje tett og trygg passasje til borestrengen. Røra er festa på ulike punkt langs plattforma, men røra er utsette for store krefter frå havet, og festa har gjerne slark på rundt 0,5 meter.

– Dette lager støy, men viktigast; det er typiske punkt for slitasje som er dyrt og omfattande å forbetra, seier Kjell Bjørnar Størksen.

80 oppdrag til no

På éi plattform er det ofte mellom 20 og 48 slike rør.

Frå 1999 til 2016 leverte teamet bak 2Stabilise over 300 stabiliseringsjobbar over vatn og 60 under vatn. Etter oppstart har 2Stabilise allereie hatt 80 oppdrag, og ligg an til å passera 100 innan utgangen av året.

– Vi er godt i gang med å levera, og 2Stabilise er allereie ei verksemd som går med overskot. Tilbakemeldingane er gode, og har også vore spontane, med plattformsjefar som umiddelbart har sagt at dei, grunna støyen som forsvinn, har fått ei ny plattform.

Ny løysing tvinga seg fram

Massene får dei produserte i Tyskland, og oljefata står lagra i over 25 gradar. Eit team, normalt med fem mann, reiser ut med oljefat og pumper, som hentar to ulike komponent og blandar massene i det dei blir støypte rundt festa.

– Før massene blir tømte rundt røra, må det tettast frå undersida. Nokre stadar bruker vi klatrarar, denne operasjonen er vêravhengig, forklarer Størksen.

I tillegg dukka det opp ein potensiell kunde med ei anna utfordring. Ikkje berre er det mykje støy frå røra, undersida av festene er under dekk, og ikkje tilgjengeleg for klatrarar.

– Vinterhalvåret er vêret ofte vanskeleg, og fram til vi løyste denne utfordringa låg store delar av drifta vår an til å vera sesongbasert.

– Derfor jobba vi frå før med ei løysing for å kunna tetta frå oppsida. Men då denne konkrete førespurnaden kom, blei det fart i utviklinga av ny metode.

Kort veg frå test til gjennomføring

2Stabilise jobbar under strenge krav og har velutprøvde varer og metodar, men driv framleis pionerverksemd.

– Vi sa til kunden at vi trengte fire månadar på oss, kunden gav oss 1,5 månad. No har vi jobba hardt, og dei første testane er svært positive, fortel Størksen.

Denne veka fekk dei inn ein eksakt modell for siste testing. I starten på november skal dei ut og gjennomføra jobben.

– Når vi reiser med fem mann og ein isolert kontainer med to ulike massar som skal blandast, må vi både veta at vi får det til, og at vi har rett mengde med oss.

2Stabilise har utvida frå norsk og britisk sokkel til kundar i Malaysia. I dag er dei ti tilsette, men leiger inn mannskap når dei skal ut på operasjonar, og har ofte 20-30 i sving.

– Med større arbeidsområde og ny metode er det duka for meir stabil drift året rundt, og eit veksande volum på det vi leverer. Den nyutvikla metoden kan få mykje å seia for tida som kjem, seier Kjell Størksen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.