Næringsliv | 15. des. 2009

Vil auka realfaginteressa

NIT AS frå Os sel utstyr som skal auka interessa for realfag. No blir det prosjekt i Kvinnherad.

Vil auka realfaginteressa
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 15. des. 2009 20:48

Carl Herland snakkar Stavanger-dialekt. Han har vakse opp på Sola, men har mykje familie i Os og flytta derfor til Skeie etter at han hadde budd fleire år i England.

- Eg kom over produkta då eg budde i England. Tilbake i Os såg eg først etter forhandlarar for dette, men så tenkte eg «kvifor ikkje starta sjølv», seier Herland.

NIT AS, Naturfag IT, blei etablert hausten 2007, med Carl og Ingvar Herland som eigarar saman med Tore Rykkel, kjent frå blant anna Os Venstre.

Produkta han snakkar om er sensorar og dataloggarar, utstyr til å gjera ulike eksperiment innan kjemi, fysikk og biologi. I utlandet har slikt utstyr vore brukt i skulane i mange år.

Nytt samarbeid i Kvinnherad
NIT AS har rammeavtale med Hordaland fylkeskommune. I Kvinnherad er det starta eit treårig prosjekt, TERS eller Teknologi og realfag i skulen. TERS er finansiert av staten gjennom tilbakeføring av arbeidsgjevaravgift til bedriftene i Kvinnherad. Målet med TERS er å bidra til auka interesse for realfag og teknologifag i skulen, og med det bidra til rekruttering innan desse fagområda.

- Representantar frå næringslivet, Kvinnherad kommune, Kvinnherad vidaregåande skule og næringslivet i Kvinnherad har tatt initiativ til prosjektet, der EasySense dataloggarar skal gje eit gjennomgåande realfagsmiljø frå barneskulane og opp til vidaregåande skule.

Gode erfaringar og store forventningar
Kvinnherad vidaregåande skule har hatt dataloggarar til utprøving og sett at dette vil fungera bra. Skulen ser no fram til å få svar på korleis det vil fungera i høve til større grupper.

Lærarane ved KVV forventar at dette vil gjera det lettare å gjennomføra gode øvingar. Dei meiner at elevaktiviteten vil auka med utstyr som er lettare å bruka, og elevane kan ha meir fokus på resultatet enn på bruken av utstyret. Elevane vil og få auka den digitale kompetansen gjennom bruk av dataloggarar og analyse/presentasjon av måleresultata.

Totalt er det kjøpt inn dataloggarar med utstyr for cirka 175.000 kroner. På KVV er det dessutan bygd heilt nye laboratorier for kjemi, fysikk og biologi.

Visualisering
Datalogging er ei digital metode for innsamling av målingar frå omgivnadene rundt oss. Ein kan bruke eit mangfald av sensorar til dette. Logginga blir brukt for å måle endringar over tid, for eksempel: Energi, miljøet, rørsle, trykk, kjemiske reaksjonar, krefter, human biologi med meir.

- Den største fordelen med teknologi som dette, er at ein kan måle endringar så kjapt som 50 000 gonger kvart sekund, eller så seint som 800 målingar i løpet av ein månad utan tilsyn, og utan ekstern straum eller datamaskin, fortel Carl.

Elevane kan enkelt visualisere resultata av målingane. Dei får grafiske framstillingar av fenomen som elles er vanskelege å demonstrera. Elevane opplever samanhengen mellom verkelege hendingar og grafane.

Einaste i Noreg
Naturfag IT er den einaste reindyrka dataloggingsspesialisten for skular i Noreg. Dei har agentur for Data Harvest sine dataloggarar, sensorar og programvare for norske skular.

- Vi har hatt ein stor jobb å gjera med å omsetja manualar til norsk, bokmål og nynorsk. I starten hadde vi to tilsette til dette, no har vi kome så langt at vi berre har éin, fortel dagleg leiar.

Sjølv har han kontor heime på Nore Neset, og jobbar deltid for oppdrettsselskapet Nor-Mær AS.

Vil du sjå utstyret i bruk kan du besøka NIT AS si heimeside.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.