Lokal | 27. feb. 2013

Vil betre folkehelsa

Fysisk aktivitet i alle former står i høgsete når kommunen legg den nyaste kommunedelplanen ut til høyring om kort tid. - Vi håper på mange innspel, seier Tom Leonsen.

Vil betre folkehelsa
Turstiar er blant dei tinga som blir diskutert i planen (foto: Andris Hamre)
Andris Hamreonsdag 27. feb. 2013 10:47

Kommunedelplanen med det enkle namnet "Kommundelplan for fysisk aktivitet, idrett og friluftsliv 2013-2020" skal til handsaming i kommunestyret kommande tysdag. Politikarane skal då ta stilling til om utkastet er godt nok til å leggast ut til offentleg ettersyn. Skal ein tru handsaminga i tenesteutvalet, plan- og bygningsutvalet og formannskapet er den det.

- Skryt til dei som har jobba med planen, spesielt til Tom Leonsen på kulturkontoret som har sydd den saman, sa Terje Sperrevik (TvS) då planen var i plan- og bygningsutvalet (PBU).

Han fekk støtte frå dei andre politiske representantane.

- Arbeidet har nok tatt litt lengre tid enn vi hadde tenkt. Vi undervurderte nok litt kva ressursar som blei satt av til å utarbeide planen. Eg er òg imponert over jobben Tom har gjort, supplerte Ståle Skaatun (H).

Ein brei plan

Planen er ein brei inngong til temaet fysisk aktivitet og omfattar områder som

  • Folkehelse, i alle aldra
  • Friluftsliv, inkludert jakt og fiske
  • Turstiar, mellom anna med eit ønskje om å få til ei rundløype som fevner flest mogleg og kor ein kan koma til frå fleire plassar
  • Nærmiljøanlegg som aktivitetsområder i friluftsområder, ballbingar, hinderløyper og lignande
  • Anleggsplanlegging, mellomanna i høve til å sikra områder for framtida og finansieringsmodellar
  • Framtidig anleggsbehov basert på befolkningsprognosar i krinsane
  • Det årlege handlingsprogrammet
  • Kommunal medverknad med oversikt over dei tilskota kommunen har gjeve dei siste åra
  • Krinsvise oversyn over områder for friluftsliv og aktivitet og idrettsanlegg frå små gymsalar til store kunstgrasbanar.

Saknar konkrete turstiar

Sjølv om politikarane i det store og heile er nøgd med utkastet til plan er det eitt område dei saknar meir konkrete tiltak.

- Det er ein god plan, men eg saknar ein konkret handingsplan for friluftsliv.

- Den seier ikkje noko om kva områder vi kan tenkje oss å få turløyper i, påpeika Sonja Vernøy (Frp) i PBU.

- Det har vore ein bevisst strategi. Vi ønskjer å gå i dialog med grunneigarane før vi lanserer desse områda, forklarte Tom Leonsen.

Treningsstasjonar ved turstiar?

Terje Sperrevik var av dei som hang seg på temaet turstiar og kombinasjonen med nærmiljøanlegg.

- Når eg var på tur no nett så hadde dei laga treningsstasjonar i nærleiken av turstiar slik at dei som nytta desse i tillegg kunne ta seg ei styrkeøkt på enkle apparat. Er det noko vi kunne fått med i planen?

Folkepark i sentrum?

Gustav Bahus (Frp) følgde opp med å relansera ideen om ein folkepark i sentrum.

- Vi ser at aktivitetsnivået i sentrum er lågd. Vi må sjå denne planen i samband med prosjektet "Liv på Øyro".

- Kunne det vera ein idé å få til ein folkepark til dømes på kyrkjeflaten og kanskje ein allbruksplass ved Haugsnesmoloen, foreslo Bahus.

Samlingsstadar og innspel

Visjonen for planen er samspel og møteplassar.

- Det kan det vera mange stadar. På idrettsanlegga, ved nærmiljøanlegg på skulane og i bomiljøa eller i sentrumsnære områder som Kyrkjeflaten.

- Eg håpar vi kan få mange innspel frå både lag, organisasjonar og einskilde personar når planen blir lagt ut til offentleg ettersyn.

- Dei innspela som kjem inn vil vi ta med oss og køyre ein prosess på før vi kjem tilbake til dykk med den endelege planen, avslutta Tom Leonsen frå kulturkontoret.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.