Kultur | 26. jan. 2016

Vil bli endå betre

Os folkebibliotek får interiørkonsulenthjelp frå prosjektet Sterk, spenstig og klar.

Vil bli endå betre
Elisabeth B. Tøsdal frå Os folkebibliotek gler seg til å få interiørkonsulenthjelp på biblioteket. (Foto: CV)
Cathrin Valestrandtirsdag 26. jan. 2016 16:18

Os folkebibliotek søkte fylkeskommunen om å verta modellbibliotek, men rakk ikkje opp. Eidfjord, Fedje og Fitjar folkebibliotek vert modellbibliotek i 2016.

Os sin søknad nådde ikkje heilt opp, men får likevel støtte til noko av det som var omsøkt.

Folkebiblioteket vil fornya lokala for betre å legge til rette for arrangement, og får konsulenthjelp frå interiørarkitekt gjennom prosjektet.

Oppfylla lovverk

Biblioteksjef Elisabeth B. Tøsdal fortel at dei også har søkt om midlar frå Nasjonalbiblioteket i Mo i Rana. Dei delar ut midlar som skal hjelpa biblioteka med å oppfylla ei av dei nye målsetjingane om kom inn i bibliotekloven i 2014: «Folkebibliotekene skal være en uavhengig møteplass og arena for offentlig samtale og debatt».

– Kommunane har ansvar for å oppgradera og gjera lokala eigna til fleire oppgåver enn før. Her søkte vi nasjonalbiblioteket om 136.000 kroner, men vi har fått eit munnleg tilsagn på 30.000. Eg tenkjer at det er desse 30.000 denne interiørarkitekten skal hjelpa oss å bruka, seier Tøsdal.

Gode lokale

– Vi har jo ei scene i biblioteket i dag, og den vert brukt som scene ved arrangement, og som amfi når vi har skuleklassar på besøk.

Tøsdal fortel at Os allereie har eit av dei beste biblioteklokala i Hordaland bådde når det gjeld utforming og storleik.

– Til no har vi vore både dekoratørar og interiørarkitektar sjølve, så no gler vi oss til å få eit profesjonelt syn og løysingar. Vi treng å bli sett og vurdert utanfrå, og vi ønskjer oss hjelp til å laga meir funksjonelle rom for ulike brukargrupper.

«Meiropen»

I søknaden om å verta modellbibliotek vert det framheva eit ønske om å vera meirope.

– I det legg vi at folk skal kunne nytta biblioteket sjølv om vi er heime og et middag, eller ute og held føredrag. For eit par år sidan fekk vi lesesalen, første steg på vegen med meirope hovudbibliotek. På desse åra har vi delt ut kring 200 nøkkelkort, så at dette tilbodet er populært er det ikkje noko tvil om.

– Målet og draumen er at etterkvart skal flest mogleg ha tilgang til biblioteket også utanom vanleg opningstid. Til det må det nøkkelsystem, brikker, alarmport, utlånsautomatar og noko overvakningsutstyr til. Og det er er stor investering. Men i første omgang kan vi kanskje byrja med utlånsautomatar.

Betre arrangement

– Scena treng lys, teleslynge og møblar til føredrag og forfattarmøte. Dessutan hadde det vore flott om vi kunne fått nokre flyttbare lettvegger slik at vi kan laga mindre rom, avgrensa areal, og laga opplevingar på begge sider.

– Vi har både kunstutstillingar og arrangemet av ymse slag, noko som gjer at biblioteket heile tida endrar seg. Eg har ikkje fått vedtak om kor mykje midlar vi får, men at det blir spennande med litt hjelp - det blir det, stråler biblioteksjefen.

– Og uansett vert hovedoppgåva vår å formidla og yta service til publikum!

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.