Vil bygga ut for 220 millionar
Budsjett 2015: Rådmannen forslår to-trinnsutbygging på Luranetunet med oppstart i 2015.
Kommunalsjef for helse, omsorg og beredskap Nils Petter Borge ba i tenesteutvalet i mai om hjelp til å finna ut kor mykje Møllers tran kommunen skal ta i samband med utbygging av Luranetunet omsorgssenter.
No har rådmannen komme med si tilråding på doseringa.
40 plassar innan 2017
I investeringsplanen for 2015-2020 foreslår rådmann Knut Terje Rekve at kommunen nyttar 30 millionar i 2015, 60 millionar i 2016 og nye 30 millionar i 2017.
– Etappe I vert starta opp i 2015. Det er lagt inn 120 mill. kr til etappe 1, som skal ferdigstillast i 2017.
– Prosjektet er no på planleggingsstadiet, og ein ser for seg 40 plassar med heildøgns omsorg, skriv rådmannen i framlegget.
Ytterlegare utviding i 2020
I tillegg ser rådmannen for seg ei to-trinnsutbygging kor andre trinnet tek til i 2020 med nye 50 millionar. Rådmannen skisserer ei totalrammefor båe byggetrinna på 220 millionar.
– Med den store folkeveksten kommunen har vil det på sikt vera trong for ytterlegare tilvekst i talet på plassar med heildøgns omsorg, sjølv om kommunen i stor grad vil satsa på heimebasert omsorg.
– Rådmannen har difor lagt inn 50 mill. kr i 2018 som oppstart av etappe II.
Utbygginga av Luranetunet omsorgssenter vil utløysa relativt store statstilskot, slik at den reelle kostnaden for kommunen vil bli vesentleg lågare. I 2014 har den statlige tilskuddsandelen dekka i gjennomsnitt 50% av investeringskostnadane.
Auka driftskostnader
Rådmannen er i budsjettframlegget tydeleg på at den utbygginga kommunen no står overfor vil kosta også på driftsbudsjettet.
– Noko er satt av i budsjettet for 2015, men vi må pårekna ein auke også i 2016.
Rekve har difor styrka Pleie- og omsorg med fire stillingar, fortrinnsvis mot open omsorg kor ein allereie no merkar eit stort press.