Vil fengsla bedragar
Politiet ber om fengsling for mann i 30-åra mistenkt for fleire bedrageri via internett.
Tysdag gjennomførte politiet to ransakingar i samband med tjuvegods.
– Ransakingane kjem som følgje av at vi greip ein mann i 30-åra i helga i samband med narkotika.
– Mannen, som er ein kjenning av oss, blei satt i fengsleg forvaring og vil bli framstilt for retten i 13-tida i dag.
– Grunnen til at vi vil ha mannen varetektsfengsla er at han er mistenkt for narkotikaforbrytelser, tjuveri og ei rekkje bedragerisaker, fortel politioverbetjent Audun Hadler-Olsen ved Os lensmannskontor.
Svindla via nettet
Politiet ber om varetektsfengsling for å få ro rundt etterforskinga av bedragerisakene.
– Vi har behov for å etterforska elektroniske spor i samband med bedragerisaka.
– Mannen er mistenkt for å svinda til seg varer og tenester frå ei rekkje butikker og tenesteytarar på nettet.
– Mellomanna utgir han seg for å vera andre enn det han er, forklarar politioverbetjenten.