Lokal | 28. nov. 2016

Vil fortetta i Lysefjorden

Eigedomsselskap vil endra reguleringsplanen for Revåsen Sør i Lysefjorden frå 59 til 134 bueiningar. Fylkesmannen kritisk til manglande kollektivtrafikk.

Vil fortetta i Lysefjorden
3D teikning av utbyggingsområdet sett frå Sørvest (ill: Os kommune/ABO)
Andris Hamremandag 28. nov. 2016 14:05

Bildeserie:

Illustrasjonsplanen. Lysekloster barnehage, idrettsanlegg og skule litt til venstre for dei fargelagte områda (ill: Os kommune/ABO)
Illustrasjonsplanen. Lysekloster barnehage, idrettsanlegg og skule litt til venstre for dei fargelagte områda (ill: Os kommune/ABO)
3D-teikning av området sett frå sør (ill: Os kommune/ABO)
3D-teikning av området sett frå sør (ill: Os kommune/ABO)
1 av 2
Illustrasjonsplanen. Lysekloster barnehage, idrettsanlegg og skule litt til venstre for dei fargelagte områda (ill: Os kommune/ABO)
3D-teikning av området sett frå sør (ill: Os kommune/ABO)

Plan- og bygningsutvalet skal i neste veke slutthandsama områderegulering Revåsen Sør, ei endring av eksisterande reguleringsplan kor talet på bueiningar aukar frå 59 til 134, om planen blir godkjent.

Dei nye bustadene vil vera ein kombinasjon av rekkjehus, 4-mannsbustader og lågblokker.

– Det vert planlagt for ei relativ stor auke i talet på bustader, frå 60 i godkjent plan til om lag 134 i planframlegget. Det vert planlagt for eit konsentrert bumiljø der hovudvekta av bustadtyper er leilegheitsbygg i blokk og nokre rekkehus. Dette er bustadtyper som er det er lite av i Lysefjordsområdet i dag, og då det er behov for ulike buformar i krinsene, vert det vurdert som positivt at det vert lagt til rette for ei meir variert buform – særleg med nærleik til skule og barnehage, heiter det i vurderinga frå administasjonen.

Revåsen Sør ligg innanfor Lysekloster skule, idrettsparken og Lysekloster barnehage. Tiltakshavar er Wico Eiendom AS og Lysefjorden Boligutbygging AS.

For dårleg kollektivtilbod

Fylkesmannen er kritisk til ei så stor utbygging utan at det er tilfredsstillande kollektivtilbod i området.

– Planforslaget som no vert fremja legg opp til ei høg utnytting av området og bilbasert ferdsel. Fylkesmannen meiner det er uheldig med ei så konsentrert utbygging utan at nærleiken til kollektivtilbod er på plass. Det er skule og barnehage i nærområdet, men slik vi forstår det, er det forventa at folk vil ha arbeid andre stadar. Fylkesmannen meiner dette er uheldig planlegging av kommunen, heiter det i uttala frå fylkesmannen.

Ny veg er løysinga

I sin kommentar til fylkesmannen si uttale påpeiker kommunen at dette truleg vil betra seg når den nye fylkesvegen mellom Åsen og Helleskaret kjem på plass.

– Området er sentralt i Lyseklosterkrinsen og i høve til framtidig arealdisponering mellom ny E39 og Søvik i Lyseklosterkrinsen. Det nye vegsystemet som i desse dagar vert bygd i samband med E39, vil føre til nye kollektive rutetilbod der truleg alle rutesamband vil gå via Lysekloster skule og planområdet i denne saka.

– Os kommune vil etter at ny E 39 blir teken i bruk, utvikle Lyseparken næringsområde der det vil blir nye arbeidsplassar. Avstanden til Revsåsen Sør er om lag 1,5 km med eige gang- og sykkelvegsamband fram til planområdet. Tiltakshavar meiner utbygginga er i samsvar med nasjonale føringar for samordna bustad-, areal- og transportpolitikk med planlegging. Med utvikling av senterstruktur i kommunen bør det vere ein kommunal kollektivstrategi at kollektivtilbodet vert utbetra mellom Os sentrum og dei ulike nærsentra i kommunen, heiter det i svaret frå kommunen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.