Lokal | 17. mars 2017

Vil gje familieeigde hotell lågare skatt

Solstrand er blant dei som no kan bli betre skodd for konkurranse mot utanlandske hotellkjeder.

Vil gje familieeigde hotell lågare skatt
Helge Andre Njåstad diskuterte mellom selskapsskatten då han vitja Solstrand og Børrea Skau Larsen tidlegare i vinter (privat foto)
Andris Hamrefredag 17. mars 2017 10:04

I dag legg regjeringa fram reiselivsmeldinga. Eitt av forslaga i meldinga er å gje lågare formueskatt for familieeigde hotell i distrikta.

– I dag fungerer formueskatten slik at utanlandske hotellkjeder har eit fortrinn som ikkje lokalt eige hotell i distrikta har. Dette forslaget er eit steg i rett retning for å gjera det lettare for desse å driva, seier Helge André Njåstad, stortingsrepresentant for FrP.

– Regjeringa tek sikte på i statsbudsjettet for 2018 å foreslå lettelser i formueskatten på hotell/overnattingsstadar gjennom ei vesentleg auke i verdsettelsesrabatten, forklarar Njåstad.

Fekk gode innspel

Njåstad var tidlegare i vinter på turné i Hordaland saman med partifelle Harald Tom Nesvik og vitja mellom anna Solstrand Hotell og Bad.

– Då var nettopp dette eit tema vi diskuterte og fekk mange gode innnspel på, seier Njåstad.

Vil fjerna arveavgifta

Regjeringa vil redusera selskapsskattesatsen, noko dei meiner vil virka vekstfremjande og betra rammevilkåra. Vidare vil dei fjerna arveavgiften for mellom anna å lette generasjonsskifter i familieeigde bedrifter.

– Dette er eit grep som er viktig for mange reiselivsaktørar. At vi i tillegg har senka satsen i formuesskatten, auka botnfrådraget og innført jamnare verdsetting vil òg koma reiselivsbedrifter til gode, saman med dei grepa vi gjer for å gjera skattesystemet enklare, noko dei små bedriftene vil ha god nytte av, avsluttar Njåstad.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.