Sport | 13. mars 2012

Vil ha fleire med på banen

Karoline Breivik (16) har kjørt bilcross i snart eit år. – I neste veke startar grunnkurs, då hadde det vore kjekt med fleire osingar med til Eikås, seier ho.

Vil ha fleire med på banen
Håvard Gåssand og Karoline i verkstaden i Industrivegen. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytysdag 13. mars 2012 22:53

Morfar og motorcross-kjørar Håvard Gåssand, og verkstaden hans, er ekstra god å ha i desse dagar. Karoline held nemleg på å førebu seg og bilen på årets bilcross-sesong, som startar i slutten av mars.

– Det blir godt å koma på banen igjen og spennande med årets første løp, seier Karoline.

Ho fylte 16 år i januar og fekk bilen i konfirmasjonsgåve av morfar i fjor.

– Bli med!

Sidan har det blitt rundt to treninger i månaden med juniorgruppa på Eikås. No håper ho på å få med fleire osingar.

– Vi er rundt 20 juniorar og det er veldig godt miljø i klubben.

Kurset går over en fredagskveld og ein laurdag, med teori fredagen og praksis laurdagen.

– Kva synes venane dine om at du kjører bilcross?

– Eg veit ikkje. Eg trur nokre synes det er rart at eg kjører bil, dei seier eg er heldig og det verkar som om dei trur at ikkje alle kan gjera dette.

Fort og gale

Håvard Gåssand fortel litt om kostnadane med bilcross.

– I starten treng ein ikkje eigen bil, ungdomane får låna bil på kurset. Men så bør ein gjerne skaffa seg ein bil, og bil, sekspunktsele og kjøredress kjem til saman på rundt 20.000 kroner.

– Kva med mekking?

– Det er ein fordel å ha nokon i familien som kan skru, men det er også ein gjeng i klubben som har eigen mekke-klubb, seier Karoline.

– Hos FOG (Fort-og-gale-klubben) i Arna kan du få ein plass å skru og mykje hjelp til enkelt mekanisk arbeid.

Spennande debut

I oktober, som sesongavslutning, var Karoline blant 14 juniorar i klubbløpet som var hennar første løp.

– Eg var nervøs før start. Det var veldig spennande å kjøra løp, i tillegg var det fellesstart, i motsetnad som på trening, der vi kjører éin og éin.

Caroline landa på 3. plass i C-finalen.

Etter at treningene er i gang igjen går det ikkje lang tid før første løp. Og det blir fleire løp på Karoline i år.

– Eg kjem til å vera med på ein del lokale klubbløp, men har også planar om å delta i Vikedal, Dokka og Gol, fortel ho og ser lurt bort på morfaren, som veit han må vera med.

Neste steg er kanskje at ho tar over Håvard sn blodtrimma Volvo S40 og kastar seg med på motorcross. Men først må ho fylla 18.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.