Lokal | 21. juni 2013

Vil ha gangveg

Midtpunkt med tilhøyrande parkeringshus blir lagt ut til offentleg ettersyn. – Vi treng fleire parkeringsplassar i sentrum, men sjå nærare på grensa mot kyrkjegarden, sa PBU.

Vil ha gangveg
Her kan det koma parkering over to plan om riksantikvaren tillet det. Plan og bygningsutvalet ønskjer gangveg langs kyrkjegardsmuren (foto: Andris Hamre)
Andris Hamrefredag 21. juni 2013 09:28

Det var eit positivt plan- og bygningsutval som handsama reguleringsplan for Midtpunkt og Lundehjørnet med tilhøyrande parkeringshus framfor kyrkjetunet torsdag.

Utvalet skulle berre ta stilling til om planen kunne leggast ut til offentleg ettersyn, men kunne ikkje dy seg for å koma med innspel allereie no.

Les òg: Vil bygga 28 leiligheiter

– Dette er eit positivt tilskot til bybildet, men ver proaktive og inviter dei andre aktørane i sentrum til eit møte, slik at vi kan få eit sentrum kor bygga harmoniserar, tilrådde Gustav Bahus (Frp).

Utspelet kom etter at utvalet hadde uttrykt uro over den estetiske utforminga av bygget.

– Eg håpar de ser til alle bygga i sentrum når de skal detaljplanlegga og ikkje lar det bli ein stor mørkebrun klump i sentrum, spelte Sonja Vernøy (Frp) inn og fekk støtte frå utvalet på at estetikken var viktig.

Vil ha gangveg

I planen ser utbyggjer for seg at parkeringshuset senkast omlag 90 cm for at bygget ikkje skal bli for ruvande, samstundes ser ein for seg å dempa synsinntrykket frå kyrkjegarden ved hjelp av eit grøntbelte.

– Vi treng parkeringsplassar, og måten de har løyst det på med innkøyring til andre høgda frå byvegen trur eg er ein genistrek. Pass berre på at hensyna til gåande blir ivaretatt rundt heile bygget, kommenterte Terje Sperrevik (TvS).

– Det må vera mogleg å gå fra byvegen og ned på kyrkjeflaten på ein universellt utforma gangveg. Den nydelege kyrkjegardsmuren bør òg vera synleg, meinte Harald Døsen (Ap) som fekk støtte frå Sigrid Aanestad Bakke (Krf).

– Det held ikkje med trapp, det må koma ein gangveg langs kyrkjegardsmuren.

Riksantikvaren kan seie nei

Plankonsulent Vivian Garnes lytta til innspela, mellomanna ønskje om etterkvart muligens kunne byggja enno ei etasje på parkeringshuset.

– Eg trur det er lurt å legga ut planen no, for å høyre kva mellomanna riksantikvaren seier.

– Det er ikkje sikkert vi får lov til å bygga så mykje og høgt, forklarte plankonsulenten.

Årsaka til at riksantikvaren kan seie stopp er at kyrkjegarden er frå mellomalderen og er automatisk freda og av nasjonal interesse.

Mellomalderkyrkja stod på gnr. 55 og var mest sannsynleg ei stavkyrkje som stod til ho vart erstatta i 1624 av ei tømmerkyrkje. Den noverande kyrkja vart bygd i 1870 like sørvest for tømmerkyrkja som vart riven då den nye kyrkja stod ferdig.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.