Fleire av dei invoverte einingsleiarane i komande Bjørnafjorden kommune var samla i møte i Os i dag. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

Vil henta helsetips frå innbyggarane

Har du synspunkt? Leiinga innan helse og velferd i komande Bjørnafjorden kommune lager ein møtestad for tilbakemeldingar og idear.

Av: Kjetil Vasby Bruarøy

På bildet, frå venstre: Anne Skagseth (Helsefremming og rehabilitering), Monica Totland Melvold (kommunalsjef Helse og velferd), Line Lindén Nesse (Varafjell avlastningssenter/Tilrettelagte tenester for barn og unge), Jonas Dale (Legevakt og legetenester), Birgit Nora Holsen (Forvaltning og koordinering, det som i dag heiter Bestillar- og forvaltarkontor), Torunn Haugen (Tilrettelagte tenester for vaksne) og Yvonne Matre (Varafjell avlastningssenter/Tilrettelagte tenester for barn og unge). Leiarar i Helse og velferd som ikkje var til stades då bildet blei tatt, men som stiller på idédugnaden: Gro Elisabeth Almås (Pleie og omsorg), Eva-Mari Solberg (Psykisk helse- og rustenester) og Lars Trane (Bjørnafjorden NAV).

Har du som brukar eller pårørande erfaringar relatert til helse- og omsorgstenestene i Os eller Fusa?

Bjørnafjorden kommune inviterer til idédugnad der dei vil ta imot innbyggarane sine innspel innan alle fagområde; frå sjukepleie, heimesjukepeie og rehabilitering til Nav, legevakt, psykisk helse og rus og tilrettelagte tenester til barn og vaksne med nedsett funksjonsevne.

– Vi er i full gang med å rigga organisasjonen i Bjørnafjorden kommune. Det vil vera veldig verdifullt for oss å få direktedialog med innbyggarane. Vi kan alltid bli betre, og konkrete tilbakemeldingar vil ha høg verdi for den prosessen vi no er inne i, seier einingsleiarane på ei samling i dag.

Tovegskommunikasjon på stand

Om ein litan månad, tysdag 4. og torsdag 6. juni, er det idédugnad på kveldstid i Fusa og Os. 

– Folk kan koma og gå mellom klokka 18 og 20, anten dei kjem i Samfunnshuset på Fusa eller på Tunet i Os, og møta kvar eining på stand.

– Helse, omsorg og velferd blir av mange opplevd som ei privatsak. Korleis vil de legga til rette for ein open og ærleg dialog?

– Vi tar notatar, anonymt sjølvsagt, og deler ut kontaktinformasjon om dei vil ha eit møte, ein prat eller senda oss meir utdjupane informasjon seinare.

– Med unntak av ei kort innleiing, med presentasjon av organisasjonen, så blir det ikkje noko foredrag. Det blir som ei messe med stands, rigga for mest mogleg tovegskommunikasjon.

Kan bli eit fast forum

Einingsleiarane har jamlege møte. I dei to siste har det handla om gjennomføring av desse to idémøtene. Og om systematisering av det dei får inn av innspel. Arrangørane legg ikkje skjul på at dei er spente på kva som kjem inn.

– Kva er gjort tidlegare av dialog med brukarar og pårørande?

– Luranetunet etablerte eit eige brukar- og pårørande-råd for nokre år sidan, og det har vi inntrykk av at dei har nytte av. Elles har det, i ulike einingar, vore fleire brukarundersøkingar dei siste åra.

– Men det er noko anna å møtast ansikt til ansikt, spesielt med tanke på kor digitalisert mykje av dagens samfunn har blitt. Vi har inntrykk av at brukarar og pårørande har mange viktige erfaringar, og dei kan vera flinke til å koma med tilbakemeldingar direkte til dei tilsette. Her får dei sjanse til å møta einingsleiarane, stilla spørsmål og vera med på å forma «helse og velferd», som eininga i Bjørnafjorden kommune skal heita.

– Denne møtestaden kan blir ein årleg møtestad, eller leia til at det blir oppretta fleire råd for brukarar og pårørande.

Fleire saker