Kultur | 21. apr. 2020

Vil køyra årets 17. maitog i båt

«Koronakomiteen» i Øyane har kome langt med planlegginga av årets 17. maifeiring.

Vil køyra årets 17. maitog i båt
I Øyane ligg det an til å bli 17. maitog i båt. Her er det samling før fiskekonkurranse i 2018. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 21. apr. 2020 11:21
  • Midtsiden har starta utsending av gratis nyheitsbrev på epost - meld deg på her

Fredag kom helsedirektoratet med førebelse retningslinjer for årets markering av 17. mai. Denne seier blant anna at det er greit med musikkorps og bilkortesje, men ikkje med barnetog eller samlingar i grendahus.

Men i Øyane er dei godt i gang med planlegging av noko som uansett kan gjennomførast utan stor fare for spreiing av koronaviruset.

– Ideen kom frå Marie Lunde Bruarøy i komiteen, og torsdag bestemte vi oss for å jobba vidare med denne. Vi har nyleg publisert foreløpig plan på ei Facebook-gruppe for innbyggarane i krinsen, seier formann i komiteen, Rebekka Bruarøy Hamilton.

Verken klokkeslett for avreise eller endeleg rute er spikra, men grovskissa er klar.

– Folk kjem i eigne båtar og møtast på Kjerringahavet, på trygg avstand frå kvarandre, utanfor Bunnpris Vedholmen Landhandel. Så køyrer vi nokre sløyfer som gjer at flest mogleg av dei som ikkje er i båt kan sjå konvoien frå husa sine, eller frå eit nes.

Båtane skal rundt både Sundøy og Røtinga, men gjerne òg streifa forbi dei delane av Brimsholmen og Lepsøy der det bur mest folk.

Vil laga eigne tryggleiksreglar

Ved sidan av praktisk planlegging vil komiteen laga reglar for ei mest mogleg trygg gjennomføring.

– Konvoien blir open berre for folk med fast adresse i Øyane. Andre som har plan om å feira i båt kan gjerne legga seg som publikum, så ikkje konvoien blir så lang at den kryssar seg sjølv.

– Vi vil òg laga reglar for konvoien, for å sikra ein trygg tur rundt øya for alle typar båtar, også dei som vil ro eller padla. Å sleppa båtar av garde puljevis, å bestemma rekkefølge på båttypar, og å koma for reglar for eventuell slep av havarist, kan vera med på å gjennomføra på ein praktisk og trygg måte.

– Kva om det blir dårleg vêr?

– Vi må kle oss etter det vêret vi får, eg vil tru at vi kan gjennomføra uansett. Er det veldig høge bølgjer kan vi kanskje lata småbåtane ta ei kortare rute.

Idear og videosending

Dei som ikkje har sjanse til, eller ønskje om, å køyra båt på 17. mai, blir oppmoda å finna seg ein plass med god utsikt, men på trygg avstand frå andre.

– Om folk samlast i båtar med festantrekket på, og god mat om bord, trur vi i komiteen at dette kan bli ei fin oppleving for både dei i båt og dei som er på land.

– Om det er nokon som ikkje har sjanse å delta eller å sjå på, er det ekstra kjekt om folk vil dela videoar, gjerne direktesendt, på same nettside.

Komiteen vil laga ei eiga Facebook-side for 17. mai i Øyane 2020 der folk både kan senda direkte og lasta opp i etterkant.

– Vi vurderer òg å ha musikk og tale ved start, og vi tar framleis imot innspel og idear frå sambygdingane, seier Hamilton.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.