Næringsliv | 26. jan. 2017

Vil selja 34 år gamalt firma

Os Sandblåsing AS, med industrilokale og tomt rett ved E39, er lagt ut for sal.

Vil selja 34 år gamalt firma
Os Sandblåsing og Overflatesenteret sin eigedom rett ved komande E39 ligg no ute for sal. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 26. jan. 2017 14:13

På 62-årsdagen sin i går fekk Bjørn Orrebakken, største av tre eigarar i Overflatesenteret AS, lagt eigedom og firma ut for sal.

– Eg har jobba med dette sidan 1983. No vil eg trappa ned, tida er inne for at nye krefter tar over, seier Orrebakken.

Han vil delvis pensjonera seg, men skal driva vidare med eigedom.

– Eg har nokre bustadstomter på Bjørnen som snart kjem for sal, og selte tidlegare denne månaden tomt nummer 7 av 13 hyttetomter på Ramsholmen. Der har eg litt igjen å selja på, utan at eg har noko hastverk.

880 kvadratmeter og 2,2 mål

Os Sandblåsing er eigd av Overflatesenteret AS, som igjen er eigd av Orrebakken (44,67 %) , Martin Bjelland sitt selskap Kranz Tobi AS (34,67 %) og Øyvind Heilund (20 %).

Selskapet er leigetakar, eigedomen er på litt over 2,2 mål med 40 parkeringsplassar og eit industribygg frå 1967 (renovert i 1987) på 880 kvadratmeter.

Selskapet og eigedomen er lagt ut med prisantyding på 7 millionar kroner, men kan bli selt kvar for seg.

– Liv laga for vidare drift

Os Sandblåsing hadde på det travlaste, i starten på 2000-talet, saman med eit søsterfirma som ikkje eksisterer lenger, 30-40 tilsette i sving.

Dei siste åra har omsetnaden lagt på 5-6 millionar kroner.

– Fjoråret blei litt tøft, vi merkar nedgangen i oljenæringa vi òg, seier Bjørn, som er einaste av eigarane som er aktiv i selskapet.

Dei siste åra har det vore 4-8 tilsette ved verksemda, som driv vidare mens det no ligg ute for sal.

– Både for dei tilsette sin del, og for kundane sin del, håper eg at det kjem inn nye krefter. Dette er gode arbeidsplassar verdt å ta vare på, og det er nok fleire lokale kundar som vil sakna oss om vi forsvinn. Då er Ågotnes nærmaste alternativ for overflatebehandling.

– Lokaliseringa vår kan dessutan vera interessant for fleire, trur Bjørn om tomta, som ligg rundt 200 meter frå tunellen på komande ny E39 frå Svegatjørn til Rådal.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.