Røykstova frå 1607 er innreidd i passande stil, og blir blant anna brukt til spisestove når rømmegrauten blir servert 17. mai. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

Vil selja det nest eldste huset i Os

Gamlestova er over 400 år gamal, og ein av bygningane på ein eigedom som snart kjem for sal.

image
image
image
image
image
image
image
image
image
Av: Kjetil Vasby Bruarøy

Gamlestova på Berge, bygd av Olavf Lavritsøn (seinare Ola Larson Berge) i 1607, er truleg det eldste huset i Os etter Borgstova (1350).

«Då ein i 1930 tok burt dei gamle tregolvi i stova, det var gjenom tiderne lagt 4-5 slike på einannan, so fann ein under desse den gamle eldstaden, åren, og det upphavelege golv» står det om gamlestova i boka «Det ligg ei bygd» som Os kommune gav ut i 1987.

Fire bygg på til saman 680 kvadrat

«Innvendes er stova 8 alner 4 tumar lang og 7 1/2 alner brei» held teksten fram. 

Den gamle røykstova er i dag ein av fire bygningar på den idylliske eigedomen på Berge 11, som òg inkluderer ein større og meir moderne einebustad og ein møysommeleg opparbeidd hage med stiar, buskar og fontene.

Mens gamlestova er på 24 kvadrat er uthuset på 51 og låven på 396. Einebustaden er 211 (BOA) kvadratmeter stor, og inkluderer blant anna ei peisestove frå 1898 med rosemalte trebjelkar. 

– Ein god stad å veksa opp

Seljar, Birthe Anne Berge, er femte generasjon som eig gamlestova. Ho vaks opp på det som den gong var eit småbruk. Mora Jørunn Berge dreiv garden, faren Ole døydde i ei ulykke då Birthe var 6 år. På garden var det både kyr, hestar, høns og fleire hundar og kattar.

– Det var roleg og idyllisk, ein fin stad å veksa opp. Og det er framleis idyllisk her, med lite biltrafikk, nokre dyr som beitar og ofte unge ryttarar som kjem forbi på hest.

– Det har dessutan kome fleire hus og ein fin ballbinge i eit område lengre oppe i bakken her, så det er endå meir for ungar å gjera på no enn før.

Bonderomantisk 17. maitradisjon

Då Birthe vaks opp blei gamlestova brukt til verkstad. Farfaren var treskjærar og lagde blant anna river og trekassar. 

– Kassane selte han ein periode mange av til Bontelabo, fortel Birthe.

Gamlestova er innreidd i passande stil for ei gamal stove, og er ikkje lenger verken verkstad eller leikehytte for ungar.

– Eg har brukt gamlestova til ulike samankomstar. Kvar 17. mai et vi rømmegraut her. Det er ein fin plass å vera, eg håper komande eigarar tar godt vare på både stova og resten av eigedomen.

Det som i dag er hovudhuset på eigedomen blei brukt som offiserbustad under krigen for ubåtbasen på Hatvik. Familien måtte flytta til slekt i Hegglandsdalen til krigen var over.

Frå 401 til 5 mål

Den gamle stova blei flytta nokre meter lengre ut på garden i 1870. I 1930 blei den rusta opp, det same blei den etter at ei eik velta over taket i ein orkan i 1994. Kultur og friluftsutvalet i Hordaland gav pengestøtte til reparasjon og restaurering etter skaden.

Birthe overtok eigedomen etter mora i 2006. 

– Eg hadde ikkje moglegheit til å driva småbruk, så eg pakta vekk låven og selte store delar av beitemark og utmark som tilleggsjord til nabobruket.

Eigedomen var på 401 mål. I dag sit ho igjen med ei tomt på 5 mål. I tillegg følgjer det med båtfestterett i Kilen, nabovika til Hatvik, fem minutt å gå frå bustaden. 

– Då det blei klart at ingen i neste generasjon hadde sjanse til å overta, og eigedomen er litt stor for meg å ta vare på åleine, bestemte eg meg for å selja. Tida er moden for at andre kan få glede av denne plassen.

– Det var inga lett avgjerd, eg er glad eg har fått støtte frå nærmaste familie, seier Birthe Anne Berge.

– Kan generera svært stor interesse

Eigedomsmeklar Espen Hjertholm ventar travle dagar når eigedomen blir lagt ut i marknaden.

– For det første krev småbruk og tilsvarande eigedomar med historiske objekt eit grundig stykke forarbeid, for det andre er pågangen ofte stor, seier Hjertholm.

– Dessuten kan sjølve salsprosessen bli hektisk, legg han til.

Det er ikkje lenge sidan han selte eit småbruk. Over 40 kom på første visinga i vår, og det blei bodrunde.

– Når alt kjem til alt så passar det gjerne ikkje for kven som helst å bu landleg til, på ein større eigedom med fleire bygg. Du bør ha interesse for det, og du bør ha tid til litt praktisk arbeid, det er ein litt annan livsstil enn å bu i ein nyare eller enklare bustad. 

– Men det kan sjå ut som om det er mange som har ein draum om å bu på ein stad som denne, med romsleg tomt og rolege omgjevnadar, samtidig som avstanden til buss, ferje, sentrum og andre servicetilbod er kort.

Fleire saker