Alexander Holsen (29), som blei meldt sakna måndag for ei veke sidan, er framleis ikkje funnen.
Siste observasjon er framleis torsdag 5. oktober, då ein mann som likna slik sakna er skildra i etterlysinga, blei sett gåande ved Rema i Idrettsvegen.
Røde Kors, Norske Redningshunder og politiet deltok i leiteaksjon måndag kveld, men aksjonen blei avblåst før natta. Politiet såg på området rundt førre observasjon, og område rundt bustaden til sakna, som ferdig gjennomsøkt.
• Les òg: Jobbar intenst med søk etter sakna
Politiet er framleis interessert i informasjon og tar imot tips på 480 02 480.
I helga blei fysisk søk tatt opp igjen.
– Vi har gått gjennom GPS-sporing av leitemannskap frå førre søk, og har funne nokre område som det ikkje var gjort søk. I tillegg har vi søkt i utvida område, og tatt finsøk i nokre område der det er gjort grove søk tidlegare, fortel politibetjent Morten Haugland frå Os lensmannskontor.
Haugland leiar gruppa som jobbar med søk og etterforsking av saka med den sakna osingen.
Har søkt i vatn og elv
Røde Kors, Norske Redningshunder og Os brann- og redningstenesten har deltatt i søk i helga.
I fredag blei det søkt i Oselvo, frå Knutabruo til elveosen i Os hamn. Søndag blei det søkt i delar Banktjørn med både kamera og dykkarar.
Skal ut på fleire søk
Politiet er takksam for alle tips som har kome inn. Den siste tida har dei òg fått informasjon om Holsen frå tida før han forsvann.
– Alt kan vera til hjelp, vi er glade for at folk engasjerer seg. Noko av det vi har fått inn kan koma til nytte i vidare etterforsking, seier Haugland.
Det blir jobba parallelt med etterforsking og planlegging og gjennomføring av søk.
– Blir det nye søk i nær framtid?
– Ja. I Banktjørn er det vanskelege leiteforhold, der vil vi ut med nye søk med andre metodar. I tillegg vil Os brannvesen ut på overflatesk i sjø. Dette blir truleg i morgon, opplyser Haugland.