Lokal | 21. mars 2019

Vil søkja med kraftigare utstyr

Trine Frantzen-saka: Resultata frå førre søk er ikkje presise nok.

Vil søkja med kraftigare utstyr
Cowi har søkt for politiet i dette området på Øvsttun gravplass. No vil politiet gå ein ny runde med kraftigare utstyr. (Foto: Kjetil Osablod Grønvigh)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 21. mars 2019 13:47

I førre veke søkte politiet, ved hjelp av innleigd kompetanse og utstyr, overflata av delar av Øvsttun gravplass i samband med etterforskinga av Trine Frantzen si forsvinning i 2004.

I dag fekk politiet status frå firmaet som gjennomførte geoskanninga.

– Resultatet er ikkje eintydig i nokre retningar, fortelpolitiinspektør Tore Salvesen i ei pressemelding i dag.

Politiet vil bruka noko meir tid saman med firmaet for å planlegga søk med kraftigare utsyr på overflata av tolv av gravene.

– Håper er at dette utstyret skal gi oss klarare svar, så vi tar dei rette avgjerdene på kva vi gjer vidare. Det er viktig at vi gjer dette arbeide så nøye som vi kan, av omsyn til både vidare etterforsking, dei pårørande til Trine Frantzen og til dei pårørande til dei som er gravlagt på staden.

Politiet håper å få gjennomført dei nye undersøkingane før påske.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.