Lokal | 14. okt. 2017

Vil ta ansvar for Steindalssætra

Os Turlag vil ta over hovudansvaret for Steindalssætra, bygd i 1813.

Vil ta ansvar for Steindalssætra
Steindalssætra er bygd i 1813 og vore i Os ungdomslag sitt eige sidan 1939 (foto: Os ungdomslag)
Andris Hamrelørdag 14. okt. 2017 08:32

Steindalssætra er eigd og driven av Os Ungdomslag, men den noveranda eigaren slit med rekrutteringa og har ikkje kapasitet til aleine å ta vare på den gamle hytta. Difor har dei hatt samtaler med turlaget for å sjå på moglegheiter til å få hytta i stand igjen. Blant anna har brannvesenet ilagt fyringsforbod.

I samband med samarbeidet innkaller Os Turlag til ekstraordinært årsmøte torsdag til veka, kor overtakelse av Steindalssætra står på dagsorden.

– Os Turlag ønsker gå inn som majoritetseigar i Steindalssætra, og drifta hytta i lag med Os Ungdomslag. Vi ønsker også å reparera og oppgradera hytta, slik at den er i teneleg stand, heiter det i innkallinga.

Oppgradering til 260 000 kroner

Turlaget har henta inn eit overslag på tinga som må gjerast i hytta for å få den i teneleg stand.

– Me har fått eit prisoverslag der kostnadane er berekna til 260 000 kroner inklusive materialer og arbeidspenger. Viss me klarar å gjera ein del av arbeidet på dugnad, så kan denne summen reduserast eindel, heiter det i saksframlegget.

Blant tinga som må gjerast er bytting av pipa, ny omn på kjøkenet, brannveggar og brannsikkert underlag framfor peisen og rømningsveg frå hemsen.

– Utan eldstader, så kan ikkje hytta brukast. I tillegg så vil hytta forfalla utan regelmessig varme frå ovnane og peisen. Difor er det viktig å få ordna hytta så raskt som råd.

Turlaget ser for seg at drift av hytta kan finansierast gjennom utleige og ulike støtteordningar. I sakspapira til årsmøtet kjem det fram at dei vil aventera hytta gjennom DNT-systemet og på den måten få hytta enno meire i bruk.

Overtakinga må godkjennast av grunneigaren.

Om Steindalssætra

Steindalssætra er ei hytte som ligg midt i Steindalen, 1 1⁄2 km gange frå parkeringsplassen på Midtsæter. Hytta ligg ideelt til i ein lysning i skogen, like ved ein liten bekk.

Hytta vart opprinneleg bygd i 1813, og brukt som sel. I 1939, så vart hytta gjeven i gåve frå Nils Henriksen Bjånes, til Os Ungdomslag. Joh. Ludw. Mowinckel hjelpte til med å finansiera oppussing av hytta. Sidan den gong har Os Ungdomslag dreve hytta.

Hytta er passeleg stor, og har ei stor stove, eit lite kjøkken og ein stor hems. Barnas Turlag i Os har vore 25 små og store i hytta, og det hadde nok vore plass til fleire om naudsynt. I tillegg er det plass til å setta opp lavvoar, telt eller liknande utanfor hytta.

Gudrun Heggland skriv om Steindalssætra i boka «På mjuke stiar og flotte fjell i Os»:

Seterdrift har det ikkje vore her i manns minne. Det er Os ungdomslag som eig hytta no. Steindalen har gjennom generasjonar vore ein utfartstad som har vore mykje nytta av ungdommane i Os.

I krigsåra vart Steindalen brukt på så mange måtar, i aprildagane i 1940 var det folk som flytta heimanfrå og la seg til i Steindalen inntil den kaotiske situasjonen vart avklara. Så var det folk som låg her på vedhogst for å skaffa brensel til vinteren.Og ungdomsflokkar drog til Steindalssætra for å dansa i ei tid då det ikkje var lov å ha vanlege dansekveldar i ungdomshusa.

Steindalen ligg midt i eit stort skog og fjellområde som ikkje er så lett å finna fram i for folk som ikkje er lokalkjende. I tillegg til Steindalssætra er det fleire hytter i Steindalen og i området omkring Krokvatnet, som ligg eit stykke sørvest for Steindalsvatnet. Dette villmarksområdet høvde svært godt til å stikka seg vekk i for folk som dreiv med illegalt arbeid i krigsåra, og i såmåte var det stor aktivitet her, særleg i dei første krigsåra. Motstandsfolk både frå Os og Bergen og andre stader møttest her, og gjorde avtalar og la planar. Ein sentral mann i dette var treskjeraren Jacob Hjelle, som hadde hytte i Steindalen.

Fiske etter aure

Den mest kjende av dei som låg i dekning i området var kommunistleiaren Peder Furubotn, som budde ei tid på Midtsæter og ei tid i Øvredalen. Tyskarane fann etter kvart ut kva som gjekk føre seg og gjekk til aksjon. Dei brende ned hytta til Jacob Hjelle og ei hytte som vart kalla Suez.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.