Lokal | 27. jan. 2021

Tar lesesal-opning opp til ny vurdering

Etterlengta tilbod stengt «utan grunn».

Tar lesesal-opning opp til ny vurdering
Lesesalen til biblioteket er eit viktig tilbod for fleire studentar, men er framleis stengt. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 27. jan. 2021 11:48

Bjørnafjorden bibliotek sitt hovudbibliotek i Holbrekka i Os sentrum er ope, men lesesalen er framleis stengt. Lesesalen, som har eiga inngangsdør, var nytt tilbod då biblioteket i Holtbrekka utvida frå 700 til 1000 kvadratmeter i 2014.

Her kan alle over 18 år få kort og låsa seg inn også utanom biblioteket sine opningstider, frå 7 om morgonen til 23 om kvelden.

«Meirope og lesesalen ved hovudbiblioteket er diverre enno ikkje tilgjengeleg, men det er lov å sitje i biblioteket under heile opningstiden!» skreiv Bjørnafjorden bibliotek på eiga Facebook-side 19. januar.

I desember fortalte psykologistudent Iselin Grønning Johannesen kor mykje ho set pris på lesesalen, som du til vanleg kan låsa deg inn i også utanom biblioteket si opningstid.

– Eg bur i ein liten leilegheit på Søfteland. Eg har ein kvalp, og utanfor er det mykje byggearbeid. Då er det godt å koma seg ut litt. Pensum er på engelsk, så det krev litt ekstra konsentrasjon. Eg får gjort mykje meir i lesesalen enn heime. Tida på lesesalen har vore gull verdt dei siste to åra, spesielt før pandemien kom, synest ho.

Lesesalen vore samanhengande stengt sidan då. No undrast Johannesen over kvifor.

– Ser ingen grunn til å stenga

Bergen bibliotek har ordinære opningstider og lesesalane på UiB er opne. Rett nok for studentar, og nokre av dei med vakthald. Men òg lesesalen i Holtbrekka er for «medlemmar» i form av nøkkelkort.

– Å sitja inne på biblioteket er ofte ei dårleg løysing. Om dei berre kunne ha opna lesesalen ei kort tid, eventuelt for færre personar, ville det vore til hjelp for både meg og andre. Alt ville vore betre enn ingenting.

Ho forstår ikkje at det kan vera vanskeleg å opna døra. Eller at kommunen føretrekk at ho gjer som i dag, pendlar til lesesal i Bergen.

– Brukarane av lesesalen viste smitteverndisiplin i heile fjor, folk sat med god avstand og jobba med sitt. Var det fullt så gjekk folk heim.

– Om den berre er open for dei med nøkkelkort, så har dei jo full kontroll over kven som har vore der, med tanke på eventuell smittesporing.

– Om dei vil ha vakthald er det berre å opna døra inn til biblioteket, og henga ein lapp i døropninga som skil lokala frå kvarandre. Då kan jo dei som sit i skranken på biblioteket lett halda eit auge med lesesalen utan å auka bemanninga.

Kultursjefen vil ta det opp til vurdering

Kultursjef Erik Vangsnes stadfestar at «meirope bibliotek» framleis har halde stengt etter at regjeringa i midten av januar opna meir opp på smittevernreglane.

– Å halda lesesalen open krev noko meir ressursar. Det må blant anna lagast rutinar og eventuelt innførast auka reinhald, i alle fall om denne skal vera open i helgene.

– Biblioteket har dessutan hatt redusert bemanning, blant anna med ei ubesett stilling, og har gjerne ikkje vore i posisjon til å leita etter gode løysingar.

– Mykje anna har opna opp, frå trening til skjenking, har de mistanke om at ikkje brukarar av lesesalen opptrer i tråd med smittevernreglar?

– Nei, vi har ingen grunn til å tru at ikkje dei rettar seg etter reglane som blir laga.

– Eg synest Johannesen har gode argument, og vi vil sjå på saka på nytt. Eg forstår at dette tilbodet er viktig for dei som brukar det, seier Vangsnes.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.