Sport | 05. jan. 2010

Vil til Os

Daniel Kalstad går til Os om ikkje han lukkast på prøvespeling for Sogndal.

Vil til Os
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 05. jan. 2010 13:55

- Valet sto mellom Nest-Sotra og Os. Det var ikkje lett å velja, men eg liker konkurranseinstinktet til spelarane på Os, og fasilitetane på Kuventræ, med Osbadet og Nautilus på same tomt, seier Daniel Kalstad.

Han har vakse opp i Sportsklubben Brann, spelt to treningskampar for A-laget og dei fleste kampane for Brann 2 dei siste åra.

- Blant spelarane Brann slepp er det Kalstad som er mest attraktiv for oss, seier Os-trenar Frank Hellevik.

Kant, back og spiss
Kalstad er fødd i 1989. På banen blir han brukt fleire plassar, men som oftast som høgre back eller på ein av kantane.

- Eg var spiss i éin kamp i fjor, fortel Daniel, som utan å ha heilt oversikt reknar med at han skåra rundt seks mål førre sesong.

- Daniel er rask og godt trent, og han har ein svært god innleggsfot, seier Hellevik.

Den fekk Os smaka på i ein treningskamp mot Brann for to år sidan. Kalstad debuterte for A-laget med eit innhopp i kampen, og første touch var målgjevande pasning til Robbie Winters.

Prøvespel i Sogndal
Etter oppvekst på Bønes flytta Daniel til Minde for tre år sidan. No er han student ved Høgskolen i Bergen.

- Eg skal på prøvespel i Sogndal no i januar. Om dei ikkje kan bruka meg takkar eg ja til Os, seier han.

Hellevik seier Os meir eller mindre er i mål med nye spelarar, og at dialogen med eksisterande Os-spelarar er god.

- Kva med backane Anders Glesnes og Remi Osebakken, som har vore med nokre sesongar, men som bur utanfor kommunen?

- Eg reknar med at vi blir samde med dei resterande, også Osebakken og Glesnes, seier Os-trenaren.



Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.