Vill svanekamp i Os hamn!
VIDEO: Ein ny flokk har kome til Os. Dei hadde ikkje rekna med Hamnesjefen, som aldri har vore meir i støtet!
Bildeserie:
Faren i knoppsvanefamilien som har halde til i Os hamn det siste året, Hamnesjefen, er i full vigør etter behandling av blyforgifting.
Det fekk ein ny flokk som har kome til Os erfara i dag.
SJÅ VIDEO NEDST I ARTIKKELEN
Hamnesjefen, konemor og tre av dei fem ungane deira låg i dag i Os hamn saman med den nye flokken på åtte svanar.
Medan svanefar jagde dei nye gjestane frå aust til vest sumte svanemor meir fredeleg rundt med dei tre ungdomane.
To av dei tre ungane er dei to som er merka og tatt blodprøve av.
Sidan også minst éin av ungane er blyforgifta er brannsjef Stein Gjøsund i sving med å sjekka Oselvo for forureining.
– Eg har fått namn på ein erfaren mann hos fylkesmannen si miljøavdeling og vil saman med han følgja opp saka vidare, seier Gjøsund.
I mellomtida kan du sjå video av ein Hamnesjef som framleis lever opp til kallenamnet sitt:
Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?
Les meir om
Last ned Midtsiden-appen idag
No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.
- Gratis å lasta ned
- Bli varsla straks noko skjer
- Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.