Vêret i Os | 16. jan. 2022

Vinden velta tre - Borgavegen stengt

Uvêret har byrja å setja sitt preg på Osbygda.

Vinden velta tre - Borgavegen stengt
Fleire tre ligg over Borgavegen. (Lesarbilde, tips@midtsiden.no. Foto: Olav SKorpen)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysøndag 16. jan. 2022 18:29

Vindstyrken er venta å auka i Os utover kvelden, og det bles allereie friskt i 19-tida.

Klokka 19.17 fekk vi melding om velta tre over den kommunale vegen Borgavegen.

– Nokre tre har velta i Lonebakkane. Vegen er blokkert og det ligg nokre leidningar i bakken, fortel Olav Skorpen.

  • Har vinden gjort skade der du er? tips@midtsiden.no / 90789270

Ein annan tipsar fortel at ein lyktestolpe står skeivt lengre oppe i bakken.

Verken brannsjef Eivind Hovden eller teknisk vakt i Bjørnafjorden kommune, Hege Bolstad, hadde høyrd om den blokkerte vegen då Midtsiden tok kontakt.

Dei har heller ikkje fått melding om problem andre stadar.

BKK Nett sitt kart over straumbrot viser ingen problem i Os, berre 72 hus PÅ Osterøy så langt.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.