Lokal | 11. jan. 2022

Varslar fare for flaum og skred

Den kraftigaste vinden kjem natt til fredag.

Høg bekk ved Lysekloster-ruinane i slutten av mars i fjor. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 11. jan. 2022 15:13

Ekstremvêret Gyda er på veg mot Vestlandet med store nedbørsmengder.

I Bergen er det venta rundt 40 mm nedbør på eitt døgn, mens indre strøk får det verre, blant anna Kvamskogen, som kan få 80 mm nedbør.

Snøgrensa er venta å ligga på 1000 til 1200 moh, så alpinanlegga nærmast Os får neppe snø andre stadar enn på toppane.

For Osøyro er det gult farevarsel for nedbør og oransje farevarsel for både skredfare og fare for flaum.

Det skal regna meir eller mindre samanhengande frå midnatt natt til onsdag til natt til fredag.

Vindstyrken skal opp i 7 m/s onsdag, passera 8 m/s torsdag og auka til over 10 m/s torsdag kveld og natt til fredag.

Fredag er det meldt lettskya og sol, men laurdag og søndag skal det regna igjen.

Sjå detaljert varsel for Osøyro på VG Pent.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Bli medlem du også!

Di støtte gir liv til lokalavisa vår.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Fra 36 kr/uke
Se priser

Abonnementet blir fornya kvar måned. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.