Lokal | 14. juni 2010

«Vindu mot jorden»

Denne veka flyttar dei første inn i bustadane langs Byvegen.

«Vindu mot jorden»
Andris Hamremandag 14. juni 2010 08:32

Dei ligg med ryggen mot vegen og vindauga mot ein bratt skråning med skog, omsorgsbustadane ved Byvegen som snart skal takast i bruk.

- Velkomen til «Vindu mot jorden», sa Jan Dale spøkefullt, ifølgje Os og Fusaposten, under ei omvising i førre veke, .

Omsorgsbustadane for vanskelegstilte på bustadsmarknaden er det meir korrekte namnet på bygget som har reist seg langs Byvegen og som vert teken i bruk denne veka.

Frå vegen møtar ein berre ein lang svart vegg, men bak fasaden skjuler det seg svært avanserte tekniske innreiingar og løysingar.

Kuttar ut nøklar
- Vi har valt eit biometrisk låsesystem kor ein brukar fingeravtrykk for å åpna dørane.

Grunnen til at denne løysinga er valt er at erfaringane frå Lio fortel at bebuarane ikkje alltid greier å administra nøklar og mistar dei. Difor reknar ein med at det i lengden er billegare å ha eit biometrisk system i staden for eit tradisjonelt system med nøklar. Systemet har kosta omlag 300 000 å kjøpa inn fortel Dale.

Ved hjelp av systemet kan ein òg styra kven som skal ha tilgang til kva rom. På den måten kan ein låsa av delar av bygget for bebuarane.

Kamera og bevegelseaktivert lys mot narkosmugling
Bustaden har òg fått installert overvakingskamera og lys som tennes når ein registrerar bevegelse. Dette har ein installert i eit forsøk på å begrensa forsøk på å smugla narkotika inn i bustadane.

- Politiet seier at kamera og lys er preventivt, seier Dale til Os og Fusaposten

Eit varmesensetivt overvakingskamera er òg installert for å kunne varsla om det skulle byrja brenne.

Flyttar inn denne veka
Assistert bustad i Mobergslio vil i denne veka begynne å flytta inn det nye husvære.

Til Os og Fusaposten fortel Helse- og sosialsjef Nils Petter Borge at dei har ei utfordring i forhald til bemanninga. Lite pengar og ein omstridd turnus skapar vaskar. Lokalt har ein blitt einige om ein «nordsjøturnus» men fagforbudet sentralt er ikkje særleg nøgd med den ordninga.

Samstundes gjev den vanskelege økonomien til kommunen utfordringar som gjer at ein spesielt i helgene er spesielt sårbare i høve til bemanning. Helse- og sosialsjefen skryt av eit fantastisk personale som gjer at ein greier å sy saman ei løysing på eit vis.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.