Sport | 26. mars 2017

– Vinn som eit lag

Osdamene med fire av fire moglege poeng på austlandet etter solide 30-24 over Fram.

– Vinn som eit lag
Blide Osdamer etter ein solid siger over Fram og fire poeng på austlandsturneen (foto: Gitte Torp, Os Turn)
Andris Hamresøndag 26. mars 2017 15:16

I går gav dei Sandefjordslaget Runar bank, i dag var det Larviklaget Fram som sto på motsett banehalvdel. Vinnaren av kampen ville feste eit grep om fjerdeplassen på tabellen.

– Vi hadde overtaket heile vegen, men eg var nøydd til å ta timeout åtte minutt ut i andreomgangen. Då hadde Fram tatt innpå og låg berre to mål bak på grunn av våre eigne feil. Vi fekk retta på det og lykkast med det vi einige om, fortel Ostrenar Trond Førde Eriksen.

Fram - Os 24 - 30 (12-16)
Utv: Fram 2 x 2 min, Os 2 x 2 min
Os sitt lag: Pia Johansen 4, Tonje Hjertnes Rykkel 1, Emilie Halhjem 4, Hilde Kristine Røttingen 2, Line Hjelle Berentsen 9, Vibeke Ingebrigtsen, Bente Mjanger 3, Liv Lunde 1, Thiet Dang 1, Elise Hjelle 3, Tiril Grønvigh, Mia Torp Nielsen 2

Samtlege skåra

Sjølv om samtlege utespelarar skåra mot Fram var det i forsvar dei gjorde jobben.

– Igjen speler vi eit godt forsvar. Første omgangen var ikkje heilt på topp, men ok. Andre omgangen står vi sikkeleg bra bakover. Det gjer at vi kjem til sjanser også framover på banen, seier Førde Eriksen.

Ein kamp igjen

Osdamen har etter austlandshelga, berre éin kamp igjen, borte mot Stryn søndag 9. april

– No skal vi ha fjerdeplassen, så Stryn skal vi slå. Tek vi den, så har vi gjort ein veldig bra sesong, avsluttar Trond Førde Eriksen.

Sjå tabellen

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.