Torill Karlsen (f.v), Dorthe Tangen Haugland og Inger Berit Bøyum utanfor lokala til Vitalreiser. (Foto: Kjetil Osablod Grønvigh)

Vitalreiser i solid vekst

Mange kvir seg til alt det praktiske, men ønskjer likevel å reisa til sol og varme.

image
image
image
image
Av: Kjetil Osablod Grønvigh

Vitalreiser, tidlegare kjent som Vitaltour, har endra namnet, men ikkje ideen om kva dei skal vera gode på. Kontoret med tre tilsette aust om elvo har vakse jamt og trutt sidan oppstarten i 2002. 

Turoperatøren tilbyr gruppereiser og individuelle reiser til Lanzarote, Kypros og Madeira.

Fleire år med vekst

– 2017 var eit godt år for oss, fortel dagleg leiar Inger Berit Bøyum.

– Vi landa på ei omsetnad på 60 millionar kroner, noko som var ein auke på 23 prosent frå 2016. Per 1. oktober 2018 ligg vi an til ein auke på 12 prosent frå 2017. Så ja, du kan seia at det går bra, seier Bøyum.

Vitalreiser har vakse jamt og trutt sidan starten, men Bøyum understereker at dei har veldig lojale kundar. 

– Sjølv om vi ikkje tilbyr ei lang rekke reisemål, opplever vi at folk ønskjer seg attende. Mange seier òg at dei gjerne vil reisa saman med andre dei reiste med sist, eller saman med nokon dei traff på den førre turen.

Tryggleik og kvalitet

Gode reisemål og gode opplevingar er grunnleggande for Vitalreiser.

– Vi er berre 3 tilsette her på kontoret, men vi brenn verkeleg for dette. Kundane våre skal ha ei totaloppleving når dei reiser med oss.

– Vi ønskjer å formidla opphald med innhald og ei kjensle av sosialt fellesskap. Mange av kundane våre er einslege, dei har gjerne mista livspartnaren sin, og då er det flott og viktig å kunna tilby ei reise som legg opp til møta og å vera med andre. 

Samtidig står dei reisande fritt til å gjera kva dei vil på turmålet, eller å delta i berre eit utval av fellesaktivitetar. 

– Kjensle av tryggleik er i tillegg noko vi meiener vi ekstra gode på. Vi er tilstades på kvar einaste avreise og syt for at alle får ei god oppleving på flyplassen. For mange er flyplassen ein kaotisk stad med høgt stressnivå, og då er det heilt naturleg for oss å vera til stades som ein betryggande faktor. Dette gjer vi om det betyr oppmøte på Flesland klokka 03.30 natt til laurdag eller om kundane våre reiser frå Oslo. Då leiger vi berre inn ein god samarbeidspartnar der borte. 

– Når kundane våre landar på destinasjonen er det første dei får eit kort med eit namn og eit telefonnummer på. Dette kan dei nytta kor tid som helst, også om natta, om det skulle vera noko dei lurer på eller noko som oppstår.  

Muntre reiseleiarar

Bøyum fortel at dei har knytta til seg ei solid gruppe med reiseleiarar, som fungerer som Vitalreiser sin representant på staden. 

– Vi har heile tida lagd vekt på at dei som skal jobba som reiseleiar for oss, må vera gode på menneske og kontakt med menneske. Dei er godt vaksne, og kjem gjerne med bakgrunn som sjukepleiar, hjelpepleiar eller frå politiet.  

– Eg kan ikkje få rosa dei nok, seier Bøyum. Dei gjer verkeleg jobben sin med eit bankande hjarte!

Fire av dei som nyleg har vore på oppdrag er Olav Skorpen, Merethe Hovden, Yvonne Matre og Marianne N. Hjelle, tilsette i Os kommune.

– Eg har vore med kvart år sidan 2012, og det er verdens kjekkaste jobb, seier Merethe Hovden.

Ikkje alle vil handla på nett

– I ein kvardag kor du i stor grad skal klara deg sjølv, og du har har appar og nettsider som hjelper deg med å bestilla alt frå flyreisa til hotellrommet med best utsikt, kva er det som gjer at Vitalreiser framleis er aktuell?

– Først av alt vil eg seia kvalitet i alle ledd, seier Bøyum. Dernest kjem innhald og tryggleik som eg nemnde tidlegare.

At det framleis er eit behov for eit fysisk reisebyrå kan Bøyum fortelja om;

– Det er mange som vert utruleg glade når dei skjønar at vi faktisk er ekte menneske som sit i andre enden av telefonen. Ofte kjem det kundar køyrande frå omegnskommunane til Os og set seg godt til rette hos oss. Dei skal ut på tur, og det skal bestillast hos eit ekte reisebyrå!

Vitalreiser har om lag 50 % av kundane sine som individuelle reiser, mens dei resterande 50 % er gruppereiser.

Bøyum fortel at dei arrangerer turar for lag, organisasjonar, turlag, frivilligsentralar, venegjengar og kommunar. 

Os kommune er ein årelang kunde hos Vitalreiser, og to fellesskapsreiser med 100 reisande i kvar gruppe har nettopp vore på Lanzarote. 

Fleire saker