Sport | 11. okt. 2011

VM-klare gulljenter

Eirin Dale og Ina Grindheim har tatt fleire internasjonale gull- og sølvmedaljar i haust. I november er det VM i Dublin.

VM-klare gulljenter
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 11. okt. 2011 20:44

Både Eirin Dale og Ina Grindheim er tatt ut til VM i kickboxing i Dublin 20. til 27. november. Begge kampsportutøvarane frå Os ser ut til å vera godt førebudd.

I september gjekk dei eit internasjonalt ope stemne i Belgia. Der blei det gull til Eirin i 55 kg og sølv til Ina i 65 kg.

I helga var dei to i ope stemne i Italia, også der blei det medaljar på dei to.

Eirin vann to vektklassar

– Eg meldte meg på i to vektklassar for å få gå flest mogleg kampar no i oppkjøringa til VM, seier Eirin.

Ho gjekk til saman 9 kampar og vann alle, også finalane.

– Fekk du slått nokre viktige motstandarar på vegen?

– Ja. I semifinalen slo eg juniorverdsmeisteren. Ho er frå Italia og har slått meg to gongar tidlegare i år, så det var ein kjekk kamp. I tillegg blei det tøff motstand og kjekk siger i finalen, der slo eg regjerande verdsmeister i vektklassen under meg.

Gull og sølv til Ina

Også Ina meldte seg på i to vektklassar og fekk mange gode kampar.

Medan Eirin gjorde reint bord i 55 og 60 kg herja Ina i -65 og +65 kg.

– Ina fekk gull i -65 kg og sølv i klassen over, det var knallbra, skryter Eirin.

Medan Eirin bur i Bergen og går for Bergen kbk har Ina for tida adresse i Oslo og kjempar for Fighter kbk.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.