Skøyter | 20. feb. 2023

VM-uttaket er klart

Sverre skal til Heerenveen, men kva distansar skal han gå?

Sverre, her i trening i Collalbo tidlegare i vinter.
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 20. feb. 2023 11:52

Sverre Lunde Pedersen gjekk kontrollert og solid, gjekk ned rundetidene på slutten og enda på (6.29,31) og ein 8. plass som tredje beste norske på 5.000 meter i verdscupavsluttinga laurdag.

Vinnar Sander Eitrem var tatt ut på førehand, Sigurd Henriksen kapra som nest beste norske den andre av tre plassar i VM på distansen.

Sverre var tredje beste norske, men juryen ville dela ut den tredje plassen ut frå ei totalvurdering.

Herman Hagevik stilte uniformert og med flagget han lagde før turen til Inzell i 2019. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Les ògVM-klart publikum jubla for Sverre!

Hallgeir Engebråten ramla, reiste seg og gjennomførte på sisteplass. Fallet kom mens han såg ut til å tapa fart etter ei noko hard opning.

I dag kom uttaket.

Der er det klart at Engebråten fekk den siste plassen på 5000-meteren.

Sverre Lunde Pedersen blir med til Heerenveen som reserve - og som del av laget som skal gå lagtempo.

– Det var eit vanskeleg uttak. Slik vi ser det vil Engebråten ha større potensial på 5000 meter om to veker. Men det kan henda vi tar feil, seier medlem av uttakskomiteen, Petter Andersen, til BT.

I lagtempo har Lunde Pedersen uansett gjort det stabillt skarpt i ei årrekkje.

Han leia Norge til OL-gull både i 2018 og 2022, og til verdscupsiger for to veker sidan.

Norges Skøyteforbund sitt lag til VM Enkeltdistanser i Heerenveen 2. til 5. mars:

Kvinner:
500m: Martine Ripsrud
1000m: Martine Ripsrud
1500m: Ragne Wiklund
3000m: Ragne Wiklund og Sofie Karoline Haugen
5000m: Ragne Wiklund og Sofie Karoline Haugen
Fellesstart: Sofie Karoline Haugen

Menn:
500m: Håvard Lorentzen og Bjørn Magnussen
1000m: Håvard Lorentzen
1500m: Peder Kongshaug, Sander Eitrem og Allan Dahl Johansson
5000M: Sander Eitrem, Sigurd Henriksen og Hallgeir Engebråten
10000m: Sigurd Henriksen og Sander Eitrem
Fellesstart: Kristian Ulekleiv

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Tilgang til alt innhald for berre 145 kr i månaden

Di støtte gir liv til lokalavisa vår. Vi set stor pris på om du hjelper oss å spreia nyheitene!

  • Tilgang til alt innhald
  • Under 37 kr/veka
  • Utan bindingstid
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.