Skøyter | 19. juni 2022

Set opp tur til skøyte-VM i Heerenveen

– Thialf er ein arena i særklasse, hotellet vi har skaffa er heller ikkje så verst.

Set opp tur til skøyte-VM i Heerenveen
Det nærmar seg sommarferie, men Tore Kleppe og Hans Parnefält har allereie byrja å gle seg til vinteren. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysøndag 19. juni 2022 17:42

Os Travel har, i samarbeid med Midtsiden og supportarsjef Tore Kleppe, tidlegare sett opp turar til VM i tyske Inzell og på heimebane i Vikingskipet på Hamar. Sistnemnde blei eitt av dei siste større idrettsarrangementa før Noreg blei koronastengt.

– Då vi i vinter var på veg mot opning etter pandemien, og ein Svere Lunde Pedersen nesten utan opptrening leia Noreg inn til OL-gull i lagtempo, bestemte eg meg for å laga skøytetur igjen.

– Eg har drive med gruppeturar i heile mitt vaksne liv, men desse er blant dei kjekkaste. Alle kan vera med, du treng ikkje vera superengasjert i sport for å hadet gøy, og eg som reiseleiar kan til og med seinka skuldrene og kosa meg litt saman med reisefølgjet, seier reiselivsnestor Hans Parnefält i Os Travel.

Turen går til VM enkeltdistansar i Heerenveen 2. til 5. mars 2023.

Tore og Annette lett uniformert på tribunen i Inzell i 2019, den norske leiren blanda med dei oransje nederlendarane. (Foto: Kjetil Osablod Grønvigh)
Tore og Annette lett uniformert på tribunen i Inzell i 2019, den norske leiren blanda med dei oransje nederlendarane. (Foto: Kjetil Osablod Grønvigh)

– Å gå i Thialf er noko for seg sjølv, det største vi skøyteløparar gjer, utanom VM på heimebane. Det ser også ut som om publikum får ei ekstra god oppleving på denne fantastiske arenaen, seier Sverre Lunde Pedersen.

Han gler seg over lokalt engasjement for å senda lokale supportarar til tribunesetene.

– Eg håper at både eg og andre løparar frå Fana og resten av Noreg er i form til å gjera det bra i den komande sesongen, ikkje minst i VM, seier Sverre, som på denne tida i fjor var heilt i ro i tre månadar etter sykkelulykka, men i år ligg an til full oppkøyring.

Tre netter på Iselmar Sport Hotel

Os Travel legg opp til avreise på morgonen torsdag 2. mars og heimreise søndag 5. mars.

Turen inkluderer fly, tre netter på hotell, gode tribuneplassar og buss til og frå flyplass og skøytearenaen kvar dag.

– Eg har booka 62 flysete. Det er like mange som vi får i bussen, og i utgangspunktet alle billettane vi har for sal.

I Inzell blei det 30 reisande, til Hamar 56.

– Fleire som har vore med før, har allereie spurd om nye turar. Vi merker at fleire får augene opp for både sporten og kjekke reiser med sambygdingar og bergensarar.

Kart: Google Maps
Kart: Google Maps

Hotellet ligg i den vesle kystbyen Lemmer, cirka 20 minutt frå Thialf og Heerenveen.

– Det er eit konferansehotell spesielt tilpassa lagbygging og arrangement.

Hotellet har ikkje berre svømmebasseng, boblebad og badstu, men blant anna squash og eigne bowlingbanar (!).

Bildeserie:

Hotellet ligg i Lemmar, ein tettstad ved sjøen, knappe 30 km frå Thialf i Heerenveen. (Foto: Iselmar Sport Hotel)
Hotellet ligg i Lemmar, ein tettstad ved sjøen, knappe 30 km frå Thialf i Heerenveen. (Foto: Iselmar Sport Hotel)
(Foto: Iselmar Sport Hotel)
(Foto: Iselmar Sport Hotel)
(Foto: Iselmar Sport Hotel)
(Foto: Iselmar Sport Hotel)
(Foto: Iselmar Sport Hotel)
(Foto: Iselmar Sport Hotel)
1 av 4
Hotellet ligg i Lemmar, ein tettstad ved sjøen, knappe 30 km frå Thialf i Heerenveen. (Foto: Iselmar Sport Hotel)
(Foto: Iselmar Sport Hotel)
(Foto: Iselmar Sport Hotel)
(Foto: Iselmar Sport Hotel)

– Det eg har sett mest pris på under desse reisene er både den livlege og venskapelege tonen på tribunen, der nederlendarane berre viser glede over å møta oss, konkurrerande norske supportarar, og den frie atmosfæren på turane. Folk kan sjå dei løpa dei vil, nyta byen, delta på fellesmåltid eller eta for seg sjølv.

– På dette hotellet ser eg for meg at dei som vil, kan få med seg nokre ekstra kjekke sosiale stunder, med både måltid og kanskje eitt og anna teambuilding-innslag, seier den entusiastiske supportaren Tore Kleppe.

Sesongstart i Stavanger

2022/2023-sesongen startar med verdscup i Stavanger 11. til 13. november, med WC2 i Heerenveen helga etter.

Så ventar nokre rundar i Canada før jul, EM på Hamar 6. til 8. januar, WC i Inzell i Tyskland og i Polen før VM i Heerenveen 2. til 5. mars 2023.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.