Lokal | 28. apr. 2015

Vrakar Bjørnatrynet

Ferjefri E39: Statens vegvesen vrakar alternativet med ilandføring i Bjørnatrynet. Oppdatert.

Vrakar Bjørnatrynet
Ilandføring av bru over Bjørnafjorden i Bjørnatrynet er ikkje lenger eit alternativ i følgje BT (foto: Andris Hamre)
Andris Hamretirsdag 28. apr. 2015 06:26

Bergens Tidene fortel i dagens utgåve at Statens vegvesen ikkje har løysinga med ilandføring i Bjørnatrynet som alternativ i sitt framlegg til planprogram som dei har sendt inn til Kommunal- og moderniseringsdepartementet.

«Planprogrammet til Statens vegvesen er unntatt offentlighet, men BT har fått tilgang til konklusjonene. Statens vegvesen har ikke ønsket å kommentere saken, men det er ingen hemmelighet at prisspørsmålet har talt mot Bjørnatrynet», skriv avisa.

To alternativ igjen

Med Bjørnatrynet ute av bildet står vegvesenet igjen med to alternativ.

1. Dagløysing over Øyane
2. Tunnell frå området ved Røtingaflua og under Øyane til Svegatjørn.

Har tatt det på alvor

Ordførar Terje Søviknes (Frp) har vansker med å kommentera planprogrammet før det blir offentleg.

– Det eg kan seia er at basert på dei møtene vi har hatt med Statens vegvesen i referansegruppa for prosjektet, så har både Bjørnatrynet og Søre Øyane vore utgreiia skikkeleg frå Statens vegvesen si side i forhold til mogleg bruløysing.

– Vegvesenenet har tatt Bjørnatrynet på alvor og gjort ein skikkeleg jobb.

Trur på senketunnell

Basert på dei uttalelsane som har kome frå vegvesenet både i referansegruppa og på folkemøtet i Oseana trur ordføraren at ei løysing med at tunnellen dykker ned i sjøen er det mest nærliggande.

– Det er ikkje tvil om at dette er fullt ut mogleg, både teknisk og økonomisk. Faktisk kan det vera ein billegare løysing enn ei dagløysing.

– Det viktigaste er framleis å skjerma skjergarden.

Ventar på departementet

Då dette er ein statleg plan, så er det Kommunal- og moderniseringdepartementet som skal legga planprogrammet ut på høyring.

– Difor er vegvesenet si innstilling førebels ikkje gjort offentleg.

– Vi må difor berre venta til departementet legg saka ut, men eg håper det ikkje tar for lang tid, avsluttar Søviknes.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.