Kultur | 13. mars 2012

– Welcome to the 60's!

VIDEO: Onsdag om ei veke er det premiere. I helga var vi med på øving til framsyninga Hairspray.

Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 13. mars 2012 08:48

Frå onsdag 21. mars blir det fem kveldar på rad med musikalen Hairspray i Nore Neset Aktivitetshus.

30 ungdomar leia av Terje Neset og Anne Leni Sæbø viser oss historia om Traci, The Corny Collins show, forbod mot musikksjangeren og den komande protesten ungdomane rettar mot forbodet.

Les òg: Born to boogie

– Akkurat no blir det like mykje øving på det å gå av og på scenen som det blir på song og musikk. Logistikken i eit stykke som dette krev også sitt, seier musikklærar Neset.

I helga var det langøving fire timar laurdag og fire timar søndag.

– Å synga medan vi dansar er kanskje det vanskelegaste, synes Antine Furevik, som har hovudrolla som Tracy.

– Vi terpar mest på første akt, der det er mest song og dans. Andre akt er meir handling, og dei dansane vi har i andre økt er temmeleg godt innøvd allereie, seier Terje før pausen var over og øvinga heldt fram.

VIDEO (02:50): Sjå ungdomane i sving i Symrasalen ei dryg veke før premieren. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.