Leiar for Os' største vallokale, Jannicke Mitsem saman med kantinesjef Turid Leikvoll. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

Nytt lokale for ny stor-krins

Elevane fekk room-service då Os ungdomsskule blei røystelokale for kommunens største krins.

image
image
image
Av: Kjetil Vasby Bruarøy

Kløvertun var vallokalet med flest i manntalet frå før og krinsen «Os sentrum» har, er etter omlegging frå 10 til 6 valkrinsar, fått innrullert både dei som stemte på Lurane (Os aust) og dei som stemte i Hegglandsdalen.

No er Kløvertun skifta ut med kantina til Os ungdomsskule. Krinsen er nesten like stor som 2. og 3. største til saman.

– Det var uaktuelt å gje elevane fri, det har vi ikkje tid til, i staden løyste vi det med å servera lunsj frå kantina ut i klasseromma, fortel rektor Kåre Lutro.

Dei som stemte før skulen var slutt i 14-tida i dag måtte òg finna seg i at det ringte inn og ut. Delar av skuleplassen er reservert parkering, men det har vore både leik og ballspel ved dei parkerte bilane fram til no.

– Dette har fungert greit nok. Vi har òg nytta høvet i undervisingssamanheng, ved at nokre av klassane har fått gå runden, for å læra om korleis valet blir gjennomført og korleis vi ter oss i eit vallokale.

Talet på røyster per krins

Sjølv om du i dag må stemma i eigen heimkommune, kan du sjølv velja krins.

• Les òg: Manglar du valkortet? Stem likevel!

Innbyggarar med stemmerett, krins for krins:
Os sentrum: 4449 (2159 menn og 2290 kvinner)
Nore Neset: 2879 (1503 menn og 1376 kvinner)
Søre Neset: 2190 (1112 menn og 1078 kvinner)
Os nord: 1802 (875 menn og 927 kvinner)
Søfteland: 1400 (711 menn og 689 kvinner)
Lysekloster: 1097 (549 menn og 548 kvinner)
Utan krins: 25 (18 menn og 7 kvinner)
TOTALT: 13.842 (6927 menn og 6915 kvinner)

• Les òg: 1.101 fleire førehandsstemmer (med resultat frå 2013)

Kø frå start

Leiar for vallokalet er Jannicke Mitsem. Ho har med seg tre frå valnemnda og starta dagen med i alt 8 vaktar.

– Det var som vanleg kø frå vi opna klokka 10, og den høge trafikken heldt fram lengre enn venta, til rundt 11.30, fortel Mitsem.

I 12-tida auka dei frå 8 til 10, blant anna for å avvikla lunsj. Frå i ettermiddag er det 15 på vakt.

– Det plar vera ekstra mange som stemmer om ettermiddagen, gjerne på veg heim frå jobb.

Leiaren skal stå dagen ut, til lokalet stenger klokka 21, og i tillegg vera med på å telja stemmene.

Ikkje alle fekk stemma

På valdagen må du stemma i den kommunen der du står i manntalet.

• Les òg: Jan Erik reiser 2 x 240 km for å stemma

– Vi har hatt to som har bomma. Den eine sendte vi til Bergen, der vedkomande står i manntalet, den andre lagde vi eit «særsklt omslag» på, for kommunen er eit stykke unna.

Då hamna stemmeseddelen i tre konvoluttar, nokre av dei med namn og adresse, for at sjølve stemma skal vera anonym. Så blir det opp til valnmenmda å avgjera om denne skal godkjennast eller ikkje.

– Elles har det gått bra med ny, stor valkrins, med grei flyt og få spørsmål. Du kan både endra rekkeølgja eller stryka kandidatar, om du ønskjer, og det står ei grei rettleing på dette på kva stemmeseddel.

 

 

Fleire saker

bilde-midtsiden

29 millionar til bruer

20. september 2017

Fylkesvegar • Fylkeskommunen vil setta av 29 millionar til bruer og 18 millionar til Åsen-Helleskaret.

bilde-midtsiden

Østervold matchvinnar igjen

19. september 2017

Lysekloster fekk det tøft mot Aalesund 2, før utvisinga, men nok ein gong sørgja Kristoffer Østervold for full pott.

bilde-midtsiden

Musikalsk Grytten-premiere

19. september 2017

– Det er ei gåve å ha Espen Leite på trekkspel, seier Albert og Anna-skodespelarane. I morgon har dei Noregspremiere i Os.

bilde-midtsiden

Slo Sædalen på heimebane

19. september 2017

– Vi varierer for mykje, seier Kvile, sjølv om Os 2 har tapt berre 1 av 6 kampar etter ferien.