Politi | 27. nov. 2022

11 forelegg og eitt førarkortbeslag i 80-sone

UP hadde kontroll på E39 laurdag kveld.

Her, i 80-sona på E39 ved Svegatjørn og Kolskogen, sto UP med laseren laurdag kveld. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysøndag 27. nov. 2022 09:04

Laurdag i 21-tida hadde utrykningspolitiet fartskontroll på E39.

Denne gong sto dei verken i 70-sona på vekta eller i 100-sona på motorvegen, men etter overgangen frå 100 til 80-sone mellom Skogafjellstunnelen og Ulvenvatnet retning Halhjem.

Høgaste fart blei målt til 112 km/t, noko som fører til 9.300 i forelegg og tre prikkar på førarkortet.

– Ein annan bilist, ein mann i 30-åra, køyrde fort nok til å få prikkar og hadde så mange prikkar frå før at det blei førarkortbeslag, opplyser vakthavande ved Bjørnafjorden politistasjon.

I alt blei det skrive ut 11 forenkla forelegg i 80-sona.

I 04-tida i natt var patruljen i kontakt med fem moped- og motorsykkelførarar. To av dei fekk tilsnakk for køyringa si.

I 18-tida laurdag kveld hadde politiet promillekontroll i Mobergsbakken. 80 bilistar blei kontrollert, politiet fann ikkje noko å reagera på.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Tilgang til alt innhald for berre 145 kr i månaden

Di støtte gir liv til lokalavisa vår. Vi set stor pris på om du hjelper oss å spreia nyheitene!

  • Tilgang til alt innhald
  • Under 37 kr/veka
  • Utan bindingstid
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.