Politi | 20. nov. 2022

Førarkortbeslag etter utforkøyring

Ingen blei skadd, men politiet kom likevel med ein reaksjon.

Førarkortbeslag etter utforkøyring
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysøndag 20. nov. 2022 08:07

Laurdag i 21.30-tida hamna ein bil utfor vegen nær Lyseparken i Endelausmarka.

– Ingen blei skadd. Den unge bilføraren fekk bilen på vegen igjen sjølv, fortel politioverbetjent Atle Birkeland.

Det er ikkje mistanke om promille.

– Grunna andre forhold på staden blei det likevel tatt beslag i førarkortet, opplyser politiet i rapporten frå laurdag.

– Det var kuldegradar og glatt, men bilisten køyrde med sommardekk, opplyser Birkeland.

Det er uvisst om utforkøyringa var i 100-sona eller på ein av avkøyringane eller fylkesevegen i området.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.