Helse | 20. juli 2023

130 år: Sykepleien fortel om Kysthospitalet si historie

Viser gamle bilde, nye teikningar og videointervju med Turid Hagevik Heggeland.

Kysthospitalet i Hagevik sett frå sjøen i august 2021. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 20. juli 2023 09:19

I 2018 var det storstilt markering av Kysthospitelet i Hagevik sitt 125-årsjubileum.

Dei tilsette deltok i 17. maitoget i Os sentrum, hadde utstilling under Marknadsdagane, inviterte til ope hus og fekk ein fest og konsert med Wenche Myhre i Oseana.

Les ògLærde Kysten om sjukdom

Seinare har fleire avdelingar av sjukehuset blitt totalrenovert, og det har vore invitert til opning og omvising.

I samband med at Kysthospitalet i år fyller 130, har magasinet Sykepleien ein reportasje om både historikken til det som var Europas mest moderne sjukehus for behandling av tuberkulose - og situasjonen i dag for det historisk viktige sjukehuset i det verna bygget.

F.v.: Kjell Matre, Turid Hagevik Heggeland, Knut-Ove Herland med foto av Helge Asbjørnsen, Kari Indrekvam og Eivind Hansen. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Les ògKysthospitalet opna ny avdeling

I reportasjen har dei intervju med både sjukehussjef Kari Indrekvam og seksjonsleiar for ortopedisk service.

Sykepleien påpeiker at seksjonsleiaren kan bruka klipp og lim flittig når ho fyller ut digitale skjema; Adresse: Hagevik. Arbeidsstad: Hagevik. Mellomnamn: Hagevik.

Turid Hagevik Heggeland er barnebarn av ei dame som på 1920-talet var ei ung jente frå Stad, som kom til Hagavik for å jobba på Kysthospitalet, og fann seg ein lokal kar som ho gifta seg med.

I 2022 vann ho pris.

Det var Turid sin etterfølgjar, Hege Haugen, som sendte inn nominasjonen. (Foto: Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus)
Les ògÅrets sjukepleiarsjef: Turid H. Heggeland

Turid har i dag jobba nesten 40 år ved Kysthospitalet, og stiller i videointervju med Sykepleien.

I reportasjen fortel dei om alt frå den første pasienten, ni år gamle Frida 21. juni 1893, til behandlinga, som ofte var sjøbad og dusjing, til 1897, første år med berre born på sjukehuset - og fram til i dag.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilgang til alt innhald for berre 145 kr i månaden

Di støtte gir liv til lokalavisa vår. Vi set stor pris på om du hjelper oss å spreia nyheitene!

  • Tilgang til alt innhald
  • Under 37 kr/veka
  • Utan bindingstid
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.