Politi | 31. mars 2023

16 forelegg i 80-sona

Fartskontroll på E39 torsdag ettermiddag.

16 forelegg i 80-sona
Her, ved flettinga på veg mot Ulvenvatnet, sto politiet med laseren i går. (Arkivfoto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 31. mars 2023 07:50

Torsdag ettermiddag, frå rundt 16.30 til 18.30, hadde utrykningspolitiet fartskontyroll på E39 Halhjemsvegen.

Dei siste vekene har dei hatt minst fire økter i 70-sona på vekta på Ytre Moberg, i går sto dei i 80-sona ved flettinga mellom Svegatjørn og Ulvenvatnet.

– Det blei skrive ut 16 forenkla forelegg i løpet av desse to timane, fortel politibetjent Sindre Lekven Hallem.

Høgaste fart blei målt til 107 km/t, noko som resulterte i 12.100 kroner i forelegg og tre prikkar på førarkortet.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.