Politi | 24. mars 2023

Tredje dag på rad: Tok 10 nye fartssyndarar i 70-sona

UP set teinene sine på same stad som sist.

Tredje dag på rad: Tok 10 nye fartssyndarar i 70-sona
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 24. mars 2023 08:55

Tysdag tok UP 16 fartssyndarar i 70-sona på E39, onsdag stoppa dei 10 nye.

Også torsdag hadde utrykningspolitiet kontroll i 70-sona, og på knappe to timar frå 13.40 til 15.30) blei det tosifra med forelegg (10) denne dagen òg.

Høgaste fart blei målt til 92 km/t, noko som resulterte i 9.100 kroner i forelegg og tre prikkar på førarkortet.

Tidlegare på dagen, frå klokka 07 til 07.45, hadde lokalt politi trafikkontroll på Halhjem ferjekai.

Dei sjekka dokument og promille, og fann ikkje noko å reagera på.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.