Politi | 28. mars 2023

Jenter på hest følte seg truga av eldre mann

Politiet har oppretta sak.

Jenter på hest følte seg truga av eldre mann
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 28. mars 2023 07:50

Måndag ettermiddag klokka 15.25 fekk politiet melding etter ein episode mellom to ridande jenter i tenåra og ein mann på Moberg.

– Det oppsto ei form for usemje, og jentene opplevde mannen som trugande, opplyser politioverbetjent Christine Grindstein.

Politiet har oppretta sak og vil undersøka om det har skjedd noko straffbart. Mistenkte er ein mann i 80-åra.

Tidlegare på dagen var UP på ytre Moberg for å måla farten i 70-sona forbi vekta igjen.

I førre veke blei det tatt 36 fartssyndarar på tre dagar, i går blei det tatt sju nye på éin time frå klokka 11 til 12.

Høgaste målte fart i går var 85 km/t.

Det resulterte i 4.800 kroner i forelegg, men ingen prikkar på førarkortet (1 km/t frå å få to prikkar).

Seinare på dagen i går stoppa politiet ein buss i Endelausmarka. Om bord var ein mann og ei kvinne som krangla.

Mannen er meldt for å ha på seg kniv, sag, balltre, narkotika og tjuvgods.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.