Lokal | 29. juni 2018

17 firma vil utgreia bru over Bjørnafjorden

E39 Stord - Os: 40 deltakarar frå 17 firma deltok på tilbodskonferansen for konseptutgreiing for kryssing av Bjørnafjorden.

17 firma vil utgreia bru over Bjørnafjorden
-Vi er nøgd med at så mange firma har meldt si interesse seier Øyvind Kongsvik Nedrebø (f.v.) , Mathias E. Eidem, Kjersti Kvalheim Dunham, Kjell Håvard Belsvik og Kjartan Hove. (Foto: Linda Grønstad, SVV)
Andris Hamrefredag 29. juni 2018 08:12

Denne veka inviterte Statens Vegvesen til tilbodskonferanse for konseptutgreiing for kryssing av Bjørnafjorden.

– Dette er ein stor og spennande kontrakt, så det er naturleg at mange har meldt si interesse, seier Øyvind Konsvik Nedrebø, prosjekteringsleiar, flytebru i Statens vegvesen.

To får kontrakt

Statens Vegvesen ønskjer å få utgreia fire alternativ, kor to av alternative er ei buebru, medan to er bjelkebru. Hensikten med tilbodskonferansen var å skapa ein felles forståing for oppdraget og å avklara vegvesenet sine forventningar til dei som får oppdraget. Dei to firma som vinn konkurransen om å få utgreia konseptval for flytebru over Bjørnafjorden skal framskaffe dokumenterte begrunnelser for val av flytebruløysing.

– Det er veldig hyggeleg å sjå at så mange er interessert i å delta i konkurransen. De har ei stort ansvar, vi skal ta ein beslutning om konsept basert på arbeidet de skal gjera, og det skal ikkje vera grunnlag for tvil om kva konsept som er det beste valet. Vi stiller svært høge krav til fagleg kompetanse, fortalde Håvard Belsvik, prosjektleiar for kryssing av Bjørnafjorden og Kjartan Hove, kontraktdirektør i Statens Vegvesen.

Kvalitet er avgjerande

Vegvesenet gav dei interresserte ei grundig gjennomgang av prosjektet og kriteria for å delta, kor kvalitet vil vera avgjerande i tillegg til pris.

– Vi ønskjer ein mest mogleg robust løysing til best mogleg pris. Difor vil riktig kompetanse vera ein viktig faktor når vi skal tildela eit firma ein kontrakt som dette, understreka Belsvik.

Stramt tidsskjema

Fristen for å senda inn tilbod er 10. september klokka 12. Vinnarane får deretter ti månader på seg til å kartlegga kva alternativ for flytebru som er det beste valet for kryssing av Bjørnafjorden.

– Prosjektet har eit stramt tidsskjema, og det er planlagt at ein kontrakt om bygging kan inngåast i 2024, men før det må reguleringsplanen godkjennast og kvalitetssikring gjennomføring. Ein føresetnad er at Stortinget gir si tilslutning, påpeika Belsvik i følgje vegvesenet sine heimesider.

Firma som får kontrakten om konseptutvikling og forprosjekt kan også delta i konkurransen om utføringskontraktene. All informasjon etter konseptutviklingsfasten og forprosjektet vil bli offentleggjort slik at alle kan konkurrera på like vilkår i seinare konkurranser.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.