Kultur | 11. mai 2021

17. maiprogram for Bjørnafjorden kommune

Oppmodar innbyggarane å synga med Victoria og Eirik klokka 12.

17. maiprogram for Bjørnafjorden kommune
Familien Arefjord med bjørkeris og flagg i konvoi i Øyane i fjor. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 11. mai 2021 14:39

I går var fristen for krinsane og bygdene å senda inn det dei har av arrangement denne pandemiprega 17. maifeiringa - i ettermiddag kom Bjørnafjorden kommune med samla program.

– Grunna dagens smittesituasjon er det nokre som har avlyst det dei hadde plan om, og det er ein viss sjanse at programmet under blir endra fram mot 17. mai, seier Stine Kobbeltvedt frå kultureininga.

Ho oppmodar alle å halda seg oppdatert tettare på grunnlovsdagen.

Det blir inga direktesending i år, men ei digital helsing frå ordførar og russ - og ei oppmoding om at alle syng «Ja, vi elsker» saman med Victoria Bakka og Eirik Søfteland klokka 12.

Teikningar av femteklassingar har kome inn - alle er «stilt ut» på kommunen si heimeside.

Ein ikkje namngitt femteklassing frå Nore Neset har teikna denne.
Ein ikkje namngitt femteklassing frå Nore Neset har teikna denne.

17. maiprogram for Bjørnafjorden

– med krinser og bygder

Kommunen sitt program

Digital helsing frå ordførar Trine Lindborg og frå russen

Kl 12.00 «Ja vi elskar» frå Bjørnafjorden. Victoria Bakka og Eirik Søfteland sang, Knut Vidar Garlid piano.

Os Eldresenter

Os Pensjonistforening inviterer til gratis 17. maifrukost for alle corona-vaksinerte på Os Eldresenter mellom klokka 11.00 og 13.00. Vi tilbyr også gratis drosje til de som ikkje har eigen bil. Ring 913 83 884 for bestilling.

Os kyrkje

Gudstjeneste kl 10.00 – 11.00 v/prostiprest Svante Havåg.

Ragnhild Kristine Midtbø på kornett. Song av Grete Inger Berge.

Takkoffer går til Sjømannskyrkja Her er lenke til påmelding

Påmelding på 25 av 50 plassar. Det er anbefalt med munnbind ved inn- og utgang. Påmeldingsfristen er søndag.

Minneparken på Os

Kl 11.00: Digital overføring frå Minneparken.

Tale ved kultursjef Erik Vangsnes. Kransenedlegging.

Os Musikkforening

Speler ulike stader i Osbygda etter avtale med institusjonar, samt ein minikonsert heime hjå den som vinn korpset sitt 17.lotteri. Sjå Facebook-sida til Os Musikkforening for meir info.

Søfteland musikklag

Speler på skuleplassen på Søfteland Ca 11.44-12.30

Os Amcar Club - kortesje

11.10 Start på Er-An Veikro.
11.16 Hjellamarka boligfelt.
11.21 Tilbake til Joker Søfteland og over Langedalen.
11.29 Buena og Ole B.
11.36 Lysekloster barneskule, så Ole Bulls veg til Ulven.
11.42 Ulven leir.
11.46 Skeie.
11.51 Lepsøykrysset. Så gamlevegen til Haugland.
11.58 Haugland.
12.00 Halhjem kai.
12.03 Halhjemsmarka, snur ved fotballbanen.
12.09 Moberg. Der svingar fem bilar av og besøker Kuhnletunet.
12.11 Forbi Os sentrum.
12.12 Solstrandskrysset. Fem bilar svingar av og besøker Luranetunet.
12.17 Hatvik kai.
12.19 Eidsåsen til Hegglandsdalen, der møter dei bilane som har vore på besøk.
12.28 Snuplassen på Rød.
12.36 Borgafjellet barneskule og inn Borgavegen.
12.43 Gamle Finnebrekka.
12.45 Os sentrum. Ingen stopp her i år grunna smittefare.
12.47 Nedre og Øvre Varåsen.
12.55 Industrivegen og vidare på E39 Halhjemsvegen til Lepsøykrysset.
13.00 Lepsøykrysset.
13.03 Storum.
13.10 Snuplassen på Røtinga.
13.10 Ved snuplassen avsluttar dei programmet, men køyrer tilbake same veg, samla fram til dei ulike køyrer kvar til sitt på returen.

Søre Øyane

11.45 Oppmøte i eigne båtar i Kjerringhavet/utanfor Bunnpris Vedholmen (Tøkjesund for båtar som ikkje går under Vetlabruo)
11.58 Salutt
12.00 Søre Neset Musikklag spelar opp fra Vetlabruo, og heile Noreg syng "Ja vi elsker dette landet"
12.05 Konvoien startar og kjøyrer i hht ruta som er avmerka på kart
13.00 Konvoien og felles markering avsluttes
15.00 Vinnaren av best pynta båt vert kåra og publisert på Facebook
15.30 Tale for dagen ved 7.klasse Søre Øyane Barneskule vert publisert på Facebook
For dei med fast bustadsadresse i Søre Øyane (Lepsøy).

Sjukeheimen i Eikelandsosen

Eikelandsfjorden musikklag spelar kl 13.00

Hålandsdalen

08:00 Flaggheising v/skulen
11:00 - Friluftsgudsteneste ved Hålandsdalen kyrkje. Sokneprest Einar Ekerhovd.
12:00 Sending frå Hålandsdalen på facebookgruppa «17.mai 2021 i Hålandsdalen» Nasjonalsangen v/Maria Louise Lister Midtrød Kransnedleggelse v/kyrkjo 17. Mai tale v/Vidar Hjartnes Innslag frå barneskulen Hålandsdalen – verdas vakraste bygd! v/Sindre Hansen
17:00 Online Kahoot m/premie

Fusa skule

Rebusløp for store og små. Rebusen er tilgjengeleg heile dagen 16 og 17 mai.
Oppfordar til å bruke #17maiFusaSkule ved deling av bilder.
Blir trukket premier blant de som deler bilde

Vinnes friskule og Vinnes barnehage

11.30-13.30: Markering av 17. mai for born og foreldre ved Vinnes friskule og Vinnes barnehage.
Utearrangement med leiker for borna, song og tale.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.