17. maiprogrammet - og den fine vêrmeldinga

Melder sol frå søndag og forbi grunnlovsdagen.

Flaggborga på veg opp Finnebrekka i 2019. Toget går same veg i år. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 10. mai 2022 10:36

Det er ei veke til vi, for første gong på tre år, kan markera grunnlovsdagen på vanleg vis.

Etter to år med digitale sendingar og båtkonvoiar er det tog omtrent som før, men ei endring frå Kyrkjeflaten til Oseana for talar og song.

Ifølgje langtidsvarselet ligg det an til å bli lettskya eller skyfritt, rundt 15 varmegradar og under 2 m/s vindstyrke.

Både Storm og Yr melder sol i ettermiddag, regn frå onsdag til og laurdag, men sol frå søndag og så langt varselet rekk (18. mai).

Fontenene på torget i full vigør 17. mai 2018. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Les òg17. maivêret dei siste 10 åra

Offisielt program for Bjørnafjorden kommune

OS SENTRUM

kl 10.40 i Minneparken: Kransenedlegging og ord for dagen ved kultursjef Erik Vangsnes. Song ved Os mannskor.

17. mai-toget:

Toget har oppstilling på fotballbanen på Giskavollen parkeringshus (den gamle grusbanen) på Osøyro klokka 11.

Avmarsj klokka 11.30.

Toget følgjer denne ruta: Landboden, Finnebrekka, Brugata, gjennom Øyro forbi Lundehjørnet til Byvegen og ut til Oseana.

Barnetoget stoppar på parkeringsplassen ved Oseana.

Oseana

  • Det offisielle programmet startar i Oseanasalen klokka 13.30 og varar i om lag ein time.
  • Song ved 1.-3. trinn og ord for dagen ved elevar på 7. trinn, Os barneskule
  • Ordførar Trine Lindborg held tale
  • Mighty Magnolias spelar
  • Russepresidentane talar: Os gymnas ved Isak John Bruarøy Hamilton, Fusa vidaregåande skule ved Ronja Berg og Os vidaregåande skule ved Ida Vaktskjold

Servering på Oseana

Oseana Kafé og Restaurant har open restaurant og kafé i foajeen med sal av is, pølser, kaffi og anna. Det er også sal av rømmegraut.

Klokka 17.00 er det konsert med Osøren jazzensemble m/Marita Moe Sandven (billett).

Program for krinsane ligg digitalt på kommunen si heimeside.

Kommunen har publisert ei rekkje 17. maiteikningar laga av elevar ved 10 ulike barneskular.

Teikningen over er laga av ein elev i 5c ved Lunde barneskule.


Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Bli medlem du også!

Di støtte gir liv til lokalavisa vår.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Fra 36 kr/uke
Se priser

Abonnementet blir fornya kvar måned. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.