Politi | 09. juni 2022

20-åring passerte 8 prikkar

UP hadde to kontrollar i Os i går.

20-åring passerte 8 prikkar
UP hadde to kontrollar i Os i går. (Arkivfoto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 09. juni 2022 06:18

Då utrykningspolitiet kontrollerte ein bilførar vest for Os sentrum i går, passerte vedkomande åtte prikkar, og førarkortet blei beslaglagt.

Dette var litt før klokka 20 i går.

Han skal både ha køyrd på raudt lys og blitt målt til 63 km/t i ei 50-sone.

Vedkomande, ein mann fødd i 2002, samtykka til førarkortbeslag.

Litt over midnatt hadde UP laserkontroll på Lepsøyvegen.

Dei skreiv ut fire forelegg i 50-sona. Høgaste fart blei målt til 72 km/t, noko som tilsvarer 9.300 kroner og tre prikkar på førarkortet.

På dagtd onsdag, klokka 14.50, fekk ein bil stopp i Mobergsbakken. Politiet dirigerte til bergingsbil hadde henta den.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.