Lokal | 16. feb. 2019

200 meter høgt Røkke-tårn i Lyseparken?

Kjell Inge Røkke møtte motstand på Fornebu. No har Søviknes bedt om møte.

200 meter høgt Røkke-tårn i Lyseparken?
Lyseparken er i utgangspunktet planlagt for maks 38 meter høgde. «Den store blå» sjå ut i Lyseparken. (Rev Ocean/ABO)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylørdag 16. feb. 2019 09:07

I oktober i fjor presenterte Røkke-selskapet Rev Ocean planar om å bygga «World Ocean Headquarters» (WOH), ein over 200 meter høg skyskrapar som skal husa internasjonale, leiande miljø innan havforsking, utdanning og kompetansebedrifter.

Selskapet leiar frå før arbeidet med og drifta av forskings- og ekspedisjonsskipet REV (Research Expedition Vessel).

– Verdenshava er under press på grunn av klimaendringar, overfiske og forsøpling. Framtidig vekst i havøkonomien krev at vi klarer å hausta ressurane på ein bærekraftig måte. Eg ønskjer dykk lykke til med å etablera eit hovudkontor for verdshava, sa statsminister Erna Solberg (H), ifølgje E24, då ho talte under lanseringa.

Skyskraparen blir kalla «The big blue», «Det store blå» og «Verdenshavenes hovudkvarter», og blir 200-250 meter høgt (over 60 etasjar), 80-130 meter høgare enn Oslo Plaza.

Rev Ocean hadde ambisjonar om å bygga på Fornebu, men Bærum sa nei til skyskraparen.

– Kan passa godt inn i Lyseparken

I går fortalte Bergens Tidende at Os kommune viser interesse.

– Eg meiner at Lyseparken, med si sterke satsing på klima og energi, er ideell for eit havbygg som òg skal vera heilt i front på miljøvenlege løysingar, seier ordførar Terje Søviknes til BT.

Lyseparken er eit komande næringsområde på rundt 500 mål i Endelausmarka, området mellom dei to tunellane på E39 Svegatjørn-Rådal. For tre år sidan fekk Lyseparken éin million kroner frå Enova. No er dei del av eit prosjekt av Snøhetta og Sintef, som ser på ei ny løysing for avkjøling av datasenter i kombinasjon med bygging av lokalt fjernvarmeanlegg.

• Les òg: 12.000 arbeidsplassar og sjølvforsynt på energi (Midtsiden, november 2018)

Akseptabel høgde?

I førebels plan for Lyseparken er byggehøgde på 38 meter akseptert.

Søviknes er innstilt på å gjennomføra ein studie for å sjå konsekvens av byggehøgde på 200 meter.

Han får i BT støtte av Nils-Anders Nøttseter (MDG), som meiner det er mogleg å akseptera noko ruvande om det er med på å skapa energibalanse og arbeidsplassar - og at det er betre å bygga ein slik skyskrapar i eit næringsområde som skal byggast opp frå ingenting, enn å plassera den i Bergen sentrum.

Rev Ocean reknar med at skyskraperen vil ha ei kostnadsramme på tre milliardar kroner. Fasaden skal vera i blått glas. Ved sidan av havforskingsmiljø vil den husa hotell og restaurantar. Selskapet ønskjer å ha skyskraperen ferdig innan 2023.

Selskapet skal ha fått fleire friarar då det blei klart at dei møtte motstand i Bærum.

• Les meir om prosjektet på revocean.org

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.