Korona | 01. sep. 2021

27 elevar i karantene

Eitt klassetrinn ved Søfteland barneskule er ramma.

27 elevar i karantene
To elevar har fått påvist covid-19. No er heile 7. trinn ved Søfteland barneskule i karantene. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 01. sep. 2021 13:10

To elevar på 7. trinn ved Søfteland barneskule har fått påvist covid-19, opplyser Bjørnafjorden kommune.

Alle dei 27 elevane på klassetrinnet blir rekna som nærkontaktar.

– Dei er i karantene og vil bli testa så snart som mogleg.

Dei som er nærkontaktar ved skulen har fått beskjed. Alle andre skal vera på skulen som vanleg.

– Karantenen gjeld berre nærkontaktar, og ikkje deira husstandsmedlemmer.

Kommunen beslutta måndag å forlenga dei lokale tiltaka, som opprinneleg varte til og med i går.

Tysdag var det fire nye smittetilfelle, og august landa på til saman 95 smitta i Bjørnafjorden.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.