Korona | 27. aug. 2021

Fekk konsert som takk

Ei travel veke akkompagnert av Bruno Mars-låtar.

Fekk konsert som takk
Jonas Nordvik Dale blei gledeleg overraska etter vaksinasjon på Kongshaug torsdag. (Arkivfoto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 27. aug. 2021 13:46

Denne veka har det vore fullt hus og 800 dosar for dagen på massevaksinasjon, både onsdag og fredag.

Torsdag var vaksinasjonsteama ute på vidaregåande skule, blant anna på Fusa vgs og Kongshaug Musikkgymnas.

Kongshaug Musikkgymnas. (Arkivbilde, foto: Kari M. Lyssand)
Kongshaug Musikkgymnas. (Arkivbilde, foto: Kari M. Lyssand)

– Vi som var på Kongshaug fekk konsert som takk! Det var ei fin avrunding på dagen, synest assisterande kommuneoverleeg Jonas Nordvik Dale.

– Det blei fleire Bruno Mars-låtar, og dei var nydeleg framført.

No har alle som fyller 16 år og eldre fått tilbod om første dose, og dei fleste har fått den.

– Har den høge smitten den siste tida, og det lokale tiltaket med oppheva karantenefritak ved test, ført til mange klassar i karantene?

– Nei. Der har vi vore heldige. Mange av dei smitta blei smitta utanfor skulen, eller mens dei var i karantene, så det blei ikkje så mange som fekk dei første skuledagane heime.

Fekk andre dose for tidleg

– Moderna og Pfizer står begge på menyen. Vi har høyrd om eit tilfelle der ei dame fekk Moderna litt for kort tid etter dose 1 med Pfizer. Er det fleire slike tilfelle?

– Vi veit berre om dette eine. Vi har system som skal fanga opp dette, men her var det ein form for svikt i to-tre ledd samtidig. Det var få dagar det var snakk om, og ikkje så kjekt for denne eine, som nå må setja ein tredje dose.

– Heldigvis har dose 2 ekstra effekt også om den kjem tett på dose 1, men det blir altså eit stikk nummer tre på vedkomande.

Grei mix?

– Storbritannia aksepterer ikkje kombinasjonsvaksinering som fullvaksinert, er det mange som har bedd om å få Pfizer som dose to?

– Nei, og dette kan betra seg for dei som skal reisa. Det blir jobba med internasjonal standard og aksept på sertifikat, og EU sitt sertifikat vil for eksempel ikkje visa kva type du har fått, berre at du har fått to dosar.

– Det er Moderna sin vi har mest av no, og det er den vi vil få mest av framover. Den viser seg desssutan å beskytta endå litt betre mot Delta-varianten. Samtidig har vi blitt anbefalt å prioritera Pfizer til dei under 18, sidan Pfizer er mest utprøvd i Noreg, så dei dosane held vi i hovudsak av til ungdomen.

Kommunen skal no også vaksinera dei ned til 12 år, om dei bur med nokon som er særleg utsette. Les meir om dette på kommunen si heimeside.

Set 4.000 dosar i neste veke

I skrivande stund har 88,9 prosent av innbyggarane i Bjørnafjorden over 18 år fått dose 1.

58,8 prosent av innbyggarane i Bjørnafjorden har fått dose 2.

Kjelde: FHI

I neste veke skal det vera vaksinasjon kvar dag frå måndag til fredag.

I alt 4.000 dosar skal setjast på fem dagar, dei fleste som dose 2. Alle er booka inn, det blir ikkje drop in.

– Kva skjer veka etter?

– Då blir det berre onsdag. Seinare blir det litt ut frå kor mange som skal ha dose 2.

– Vi fekk eit ekstra lass for nokre veker sidan, og no 4.000 nye. Er det nokre dosar som blir kasta for tida?

– Eit glas og to, kanskje, men i utgangspunktet får vi brukt alt. Men no er det ikkje mengda det står på, no handlar det om å få alt ut. Seinare går det over til at vi reknar ut kva vi treng og bestiller inn.

– I Bergen har det vore lange køar, korleis har det vore på testsenteret i Kolskogen den siste veka?

– Det har gått fint. Vi har ikkje hatt drop in, slik Bergen har hatt. Vi har heller ikkje, grunna det lokale tiltaket, gitt sjanse å testa seg i staden for å gå i karantene, så vi har ikkje hatt det same presset på testing som Bergen.

Den lokale forskrifta gjeld i utgangspunktet til tysdag 31. august. Ordførar Trine Lindborg seier kommunen ventar til måndag med å ta stilling til kva som skjer frå onsdag.

I dag fortalte regjeringa om utvida karantenefritak for dei som har vore sjuke, frå 6 til 12 månadar. Endringa gjeld frå midnatt natt til 28. august. Les meir om dette på regjeringen.no.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.