Lokal | 01. aug. 2019

312 på venteliste for å koma inn på yrkesfag

Os vidaregåande skule skulle helst sett at alle fekk skuleplassen dei drøymer om - rekordhøge søkjartal gjer at mange ikkje får plass.

312 på venteliste for å koma inn på yrkesfag
Os vidaregåande opplev rekordmange søkjarar - 312 håpefulle elevar står no venteliste. Her frå besøket til samferdsleminister Jon Georg Dale (Frp) på skulen i januar. (Foto: KOG)
Kjetil Osablod Grønvigh
Kjetil Osablod Grønvightorsdag 01. aug. 2019 12:30

I mars kunne Os Vidaregåande skule melda om rekordhøge søkjartal.

Rektor ved skulen, Johan Henrik Lassen, sa då at det er auke alle stadar, og det er tydeleg at skulen er i skotet. Årsaka til auken meinte Lassen låg i ryktet Os vgs hadde opparbeida seg som ein trivelskule;

– Vi har hatt mykje fokus på trivsel her på skulen, og nyare elevundersøkingar fortel oss at vi nettopp har ein slik status blant ungdomen, altså ein skule kor det er kjekt å gå.

312 på venteliste

I dag fortel rekor Lassen, saman med assisterande rektor, Inger-Elin Epland, at det står heile 312 elevar på venteliste for å koma inn på skulen.

– Det er rett og slett stor søknad til Os vgs, og vi har faktisk venteliste på alle linjer bortsett frå service og samferdsel.

Lassen og Epland fortel at TIP vg1 og Helse og oppvekst vg1 har den største auka søkjarar med 33 og 24 søkjarar på venteliste.

På Transport og logistikk vg2 står det i dag 23 søkjarar på venteliste.

Skulle helst hatt plass til alle

Ambulansefag held fram å vera eit ettertrakta yrkesval.

– Til ambulansefag vg2 står det ikkje mindre enn 96 elevar på venteliste, fortel Epland. Eitt anna fag med mange på venteliste er anleggsteknikk vg2, med 46 elevar på venteliste, legg ho til.

Lassen og Epland er samd om at det sjølvsagt er stas å oppleva den store interessa for Os vgs, men at det ikkje berre er kjekt å måtta sei nei til så mange;

– Vi ønskjer verkeleg å ta i mot fleire elevar til yrkesfag, men skulen har ikkje arealmessig kapasitet til å ta i mot fleire. Veldig mange av søkjararene som no står på venteliste har Os vgs som førsteval, og då er det ekstra leitt å ikkje kunne tilby dei plass på skulen.

Les òg: Politisk vilje til utviding ved Os vgs.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.